Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Koding av meldingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Koding av melding

Koding, eller innkoding, er avsendaren sitt forsøk på å gi innhaldet i tankane og meiningane sine eit uttrykk som gjer det mogleg å sende meldinga.

Illustrasjon av to hoder som dekoder informasjon.
Du prøver å kode det du tenkjer slik at det blir avkoda ganske likt hos mottakaren. Kor lett synes du det er å få andre til å forstå akkurat kva du tenkjer?

Uttrykket kan vere verbalt, enten munnleg eller skriftleg. Du kan òg bruke andre teikn, som å riste på hovudet eller vise fingeren. Dette kallar vi nonverbalt språk.

Korleis du kodar meldinga, vil ofte vere avhengig av situasjonen. Kommuniserer du ansikt til ansikt, eller er mottakaren ein annan stad? Kan mottakaren høyre eller sjå deg? Kva er relasjonen din til vedkommande? Dette er nokre av faktorane som påverkar korleis du kodar meldinga di.

Føremålet med kodinga er altså å finne ein måte å uttrykkje tankane og meiningane på ein slik måte at mottakaren forstår deg. Du har ein intensjon, og vi kallar teikna du bruker for intenderte teikn.

Døme på personleg kommunikasjon

Du kan velje å formulere tankane dine med ord, enten munnleg eller skriftleg. Du kan skrive eller seie frå om at du ikkje vil på kino. Det er også mogleg å kode ei slik melding på ein annan måte. Til dømes kan du riste på hovudet eller la vere å svare på kinoinvitasjonen. Kva trur du fungerer best?

Døme på mediekommunikasjon

I mediekommunikasjon finn vi ofte profesjonelt koda meldingar. Bodskapen er som regel resultatet av eit samarbeid mellom fleire personar med ulike kompetanse. I planlegginga blir det gjerne diskutert kva for kameravinklar ein skal bruke i ulike situasjonar, det blir laga planar for kven som skal snakke når, og alle jobbar for at den bodskapen som til slutt blir sendt, er koda på ein slik måte at det er forståeleg i andre enden.

I mediekommunikasjon blir bodskapen omforma til signal som kan sendast og takast imot gjennom medieteknologiar, som mobil, PC, digitalt fjernsyn og liknande.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.