Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Avsendar og mottakarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Avsendar og mottakar

Når vi studerer kommunikasjon mellom menneske, startar vi gjerne med å identifisere kven som er avsendar og kven som er mottakar i situasjonen vi skal analysere.

Kommunikasjon mellom to mennesker

Avsendar

Vi startar med å sjå på avsendaren. Avsendar er den som sender meldinga. Avsendaren kan vi òg kalle sendar, kjelde eller kommunikator. For å sende meldinga, må avsendar innkode (eller kode) det han/ho ønsker å formidle i eit teikn eller ei melding som blir sendt.

Døme på personleg kommunikasjon

Tenk deg at du skal formidle til vennen din at du ikkje vil vere med på kino. Du er avsendar, og du må finne ein måte å få vennen din til å forstå dette. Du kan gjere dette på mange ulike måtar. Du må kode meldinga di slik at mottakaren, altså vennen din, forstår kva du vil formidle.

Døme på mediekommunikasjon

I mediekommunikasjon må avsendar ta omsyn til kva slags kanal som skal brukast. Kommentatoren av ein fotballkamp vil ta andre omsyn for radio enn om den same bodskapen skal sendast i eit fjernsynsformat. Når eit lag scorar, må ein radioreporter fortelje meir nøyaktig kva som skjer enn det ein reporter på TV treng. Han får hjelp av kamerabileta til å beskrive situasjonen.

Avsendaren i dette dømet er kommentatoren på vegner av ein sportsredaksjon. Avsendar er profesjonell, og tek omsyn både til etiske retningslinjer, lovverk og konvensjonar for forteljarteknikk.

Mottakar

Mottakar er den som tek imot meldinga. Han/ho vil oftast prøve å forstå kva meldinga inneber. Det gjer mottakaren ved å avkode (fortolke) det teiknet eller den meldinga vedkommande tek imot. Mottakaren kan vi òg kalle respondent. Det kan sjølvsagt vere fleire mottakarar av meldinga, og kvar av dei vil avkode denne. Det er ikkje sikkert at dei ulike mottakarane avkodar meldinga heilt likt.

Døme på personleg kommunikasjon

Mottakaren din er den du skal sende meldinga til. I denne situasjonen er det vennen som har bede deg med på kino. Du kodar med tanke på at mottakaren skal forstå at du ikkje vil vere med.

Døme på mediekommunikasjon

Mottakaren er den personen som ser eller høyrer på utviklinga i fotballkampen. Det førutset at personen bruker medieteknologi.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.