Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Meir om kommunikasjonsomgrepaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Meir om kommunikasjonsomgrepa

Sklit om Anu språkskole. Bilde.

Oppgåve 1

Finn døme frå dagleglivet:

  • Finn døme på forståing, manglande forståing og misforståing:
    • Frå daglegdagse hendingar på skolen, blant kameratar eller heime.
    • Frå ferieopplevingar.
  • Finn ein situasjon der du har opplevd dette: Du har forklart noko til ein annan person. Du synest sjølv at du har forklart det heilt tydeleg og greitt. Den andre har kanskje stilt oppklarande spørsmål slik at de trur at de har forstått det same. Så viser det seg etterpå at det var noko anna den andre hadde forstått.
    • Kva var det som til slutt oppklarte misforståinga? Illustrer gjerne med bilete eller teikningar, eller lag eit rollespel.

Oppgåve 2

Uintendert kommunikasjon: Nokre gonger blir meldinga vi sender ikkje oppfatta heilt slik vi tenkte då vi koda ho.

  • Sjå på biletet av skiltet. Kva er intendert kommunikasjon? Og kva trur du blir den ikkje-intenderte?
  • Forklar korleis vi kan kommunisere noko til andre utan at vi har tenkt å kommunisere. Korleis skjer kommunikasjon utan intensjon?
  • Finn døme på at du som mottakar legg meining til uttrykk (ord, kroppsspråk, hendingar) som ikkje var meinte som ein kommunikasjon.

Oppgåve 3

Teikn og meldingar:

  • Fagteksten slår fast at meldingar kan sendast, men ikkje meiningar. Forklar dette nærare.
  • Finn døme på ulike teikn i skolekvardagen. Bruk mobilen eller eit kamera til å ta bilete. Konsentrer deg om eit par teikn. Kva er uttrykk og kva er innhald?
  • Gjer greie for forskjellen mellom ikon, indeks og symbol. Finn døme som illustrerer dei tre typane grunnteikn. Ta bilete for å illustrere forskjellen.
  • Er mørke skyer på himmelen ikon, indeks eller symbol for uvêr?

Oppgåve 4

Kva er god kommunikasjon?

  • Kva synest du om dei ti "boda" for god kommunikasjon? Aukar dei sjansen for at ein unngår kommunikasjonssvikt?
  • Kan dei òg vere reglar som kan gjelde utanfor eit møterom?
  • Er reglane kulturavhengige, eller kan dei ha allmenn gyldigheit?
  • KK1-elevar skulle lage ein plakat med ti reglar om god kommunikasjon. Mange la vekt på augekontakt og det å handhelse. Kva atterhald kan det vere ved slike "bod" viss du tenkjer på det du har lært om kultur?
  • Lag ein plakat med ti reglar som kan vere til hjelp for å sikre god kommunikasjon mellom menneske med ulik kulturell bakgrunn.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.