Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
  5. Kva er god kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er god kommunikasjon?

Kva er god kommunikasjon? Det er kanskje lett å leggje merke til når kommunikasjonen ikkje fungerer, men veit du kva som skal til for å kommunisere godt? Kan vi bli einige om nokre reglar?

Helsefagarbeider på jobb. Foto.
I enkelte yrker der ein jobbar med menneske er det særleg viktig å lytte – ikkje berre med øyrene, men også med auga og dei andre sansane våre.

Du har lært litt om kommunikasjonsmodellar og at det ikkje må vere for mange støyfaktorar viss bodskapen skal nå fram slik det var tenkt. Du har lært at støyfaktorar ikkje berre er støy i tydinga "lyd", men òg kan vere slike forhold som ein dialekt eller eit språk mottakaren ikkje forstår, ein relasjon mellom sendar og mottakar som ikkje er god, eller kanskje forskjellig kulturbakgrunn gjer at ein kodar og avkodar ulikt.

Viss det er nokre slike støyfaktorar i kommunikasjonssituasjonen, krev det ekstra mykje av deltakarene, både når det gjeld innkoding og avkoding. Noko av det viktigaste er å vere velvillig innstilt til den du kommuniserer med og prøve å ikkje la støyen forstyrre.

Kan du beskrive kva god kommunikasjon er?

Sjå på bileta. Synest du dei seier noko om kva god kommunikasjon er? Grunngi svaret ditt.

Interkulturell og intrakulturell kommunikasjon. Illustrasjon.
Bilete 1.
Klær og kommunikasjon. Illustrasjon.
Bilete 2.
Alle smiler på samme språk. Foto.
Bilete 3.

Symmetrisk relasjon og kommunikasjon

Ein symmetrisk relasjon inneber at kontroll, makt og myndigheit er jamnt fordelt mellom partane, slik at dei dannar likeverdige relasjonar. Ofte opplever vi det slik i forholdet mellom gode vener eller kolleger som i ord og handling viser gjensidig respekt for kvarandre. Symmetri forutset balanse i relasjonen og at ein opplever kvarandre som jamnbyrdige.

Viss partane ikkje er likeverdige, kallar vi kommunikasjonen asymmetrisk. Vi vil alle oppleve å vere i situasjonar der den vi kommuniserer med har makt over oss, eller at vi har makt over dei. Eit døme på ein asymmetrisk relasjon er forholdet mellom lærar og elev. Læraren har makt til å setje karakterar og vurdere din åtferd og orden. Derfor vil du sannsynlegvis kommunisere annleis med læraren din enn med til dømes lillebroren din. Du vil antagelig tilpasse både ordval og tonefall fordi det vil kunne gi ulike reaksjoner. Tenk deg forskjellen på å si "gå og legg deg" til henholdsvis læreren og veslebroren din. Korleis påverkar relasjonen kommunikasjonen i desse to situasjonane?

Sjå på bileta igjen. Kven synest du det ser ut som har ein symmetrisk relasjon? Diskuter!

God kommunikasjon

God kommunikasjon handlar altså om å vere bevisst på situasjonen, kven vi kommuniserer med, og kva som kan skape mistydingar. Det vil igjen bety at vi må tilpasse både verbalspråket og det nonverbale språket til kvar enkelt situasjon.

Ein arbeidsplass er ein arena der folk med ulik kulturell bakgrunn, ulik status og ulike relasjonar møtast. Det er naudsynt å ha ein god og effektiv kommunikasjon. Her ser du eit døme på nokre reglar som ofte verserer på arbeidsmøte for å unngå dei vanlegste kjeldene til støy.

10 punkt

  1. Ver ein aktiv lyttar
  2. Ver ein aktiv deltakar
  3. Hugs at du har noko å lære andre
  4. Hugs at andre har noko å lære deg
  5. Respekter andre sine synspunkt
  6. Hald deg til saka
  7. Legg band på deg, ikkje ver møteplagar
  8. Ver ikkje redd for å stille spørsmål
  9. Ver open for gruppearbeid
  10. Ver ærleg mot deg sjølv og andre

Mange av punkta over er relevante i dei fleste sammenhengar, også i skolekvardagen. Med det du har lært om kommunikasjon, synest du reglane er gode nok? Kva ville du i tilfellet ha føyd til på lista over?

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.