Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kommunikasjonsomgrepetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Du kommuniserer heile tida, enten det er bevisst eller ikkje. Orda du bruker, kroppsspråket og signala du sender, alt kan tolkast av menneska du møter. Du kan bli forstått og misforstått.

Fotballkrangel. Foto.
Fotballspelarar i ein heftig krangel, eller gode venner?

Ordet kommunikasjon byggjer på det latinske ordet communis, som vi gjenkjenner i det engelske ordet common og i det norske ordet kommune. Det har altså noko med fellesskap å gjere. Vi kan kanskje seie at kommunikasjon er å skape fellesskap. Vegar og jernbaner medverkar til kontakt og fellesskap, det gjer også telefon, e-post, SMS og alle andre kommunikasjonsmiddel.

Vårt hovudfokus her skal vere den kommunikasjonen som oppstår når menneske møtest ansikt til ansikt. Men vi skal også sjå på andre kommunikasjonssituasjonar som forståing av tekstar og andre ytringar. Når vi studerer kommunikasjonen i menneskelege samtalar, ser vi på verbal kommunikasjon og ikkje-verbal kommunikasjon. Med ikkje-verbal kommunikasjon meiner vi kroppsspråket.

Vi skal sjå på kva som skapar god kommunikasjon, kva som påverkar kommunikasjon, og kva som gjer at vi enten forstår eller misforstår kvarandre. Til det skal vi bruke ulike kommunikasjonsmodellar.

Læringsressursar

Introduksjon til kommunikasjonsomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Før du begynner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Eigenevaluering prosessmodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter og bruk kulturfiltermodellen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Boks

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.