Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kompetanse?ChevronRight
  5. Fordjup deg i interkulturell kompetanseChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Fordjup deg i interkulturell kompetanse

Oppgåve 1

Kva vil det seie å ha interkulturell kompetanse? Lag ei bruksrettleiing.

Kva praktiske råd for kommunikasjon finn du i fagstoffet under "interkulturell kompetanse?" Skum igjennom tekstane på nytt.

  • Bruk råda som utgangspunkt for ei "bruksrettleiing" til ein ven som skal på ei lengre reise til ein framand kultur. Du kan lage dette som ein brosjyre eller som ein kort film.
  • Eit av dilemmaa du må få fram i bruksrettleiinga, er:
    • Korleis du på den eine sida skal vere deg sjølv og ekte, og på den andre sida tilpasse deg og leve deg inn i den framande veremåten.

Bruk gjerne konkrete døme for å vise dette kulturelle dilemmaet. Kanskje kjenner du nokon som har reist og flytta og som må finne seg til rette i nye kulturelle omgivnader? Du kan også bruke døme frå litteratur og film.

Oppgåve 2

Vårt etiske ansvar. Lag ein presentasjon.

Gjer greie for korleis innsikt i interkulturell kommunikasjon kan misbrukast. Studer fenomen som makt, korrupsjon, økonomi, empati. Hent døme frå eiga erfaring, frå intervju eller litteratur og film.

  • Korleis kan innsikt i interkulturell kommunikasjon misbrukast?
  • Kva kan du/de gjere for å bevisstgjere dykk sjølve og andre, slik at innsikt i interkulturell kommunikasjon ikkje blir misbrukt?

Oppgåve 3

Interkulturell kommunikasjon er mogleg! Drøft påstanden og punkta under.

  • Korleis er interkulturell kommunikasjon mogleg når menneske har ulik kulturbakgrunn, ulike språk, ulike religionar, ulike normer og ulike verdiar?
  • Det er mykje som kan gå gale når menneske med svært ulike utgangspunkt skal kommunisere. Korleis er det likevel mogleg å kommunisere interkulturelt?
  • Kva kan du/de gjere for å forbetre din/deira interkulturelle kompetanse?

Oppgåve 4

Korleis kommuniserer unge menneske saman? Observer ei gruppe.

Du/de skal finne døme på interkulturell kommunikasjon i ungdomskulturar. Observer ei gruppe du sjølv ikkje er ein del av. Du kan til dømes vere med på eit møte eller ei trening.

Prøv å svare på desse spørsmåla ved å reflektere, bruke fagomgrep og vise til konkrete døme:

  • Kva kulturforståing vil du bruke når du studerer kommunikasjonen: den beskrivande eller den dynamiske?
    • Blir resultatet ulikt viss du bruker den eine eller den andre tilnærminga?
  • Studer korleis deltakarane i gruppa kommuniserer. Speler etnisk bakgrunn, kjønn eller alder noka rolle i den situasjonen du observerer?
  • Er det slik at ungdom med ulik kulturell bakgrunn har større problem med å kommunisere med kvarandre enn ungdom med meir lik kulturell bakgrunn? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
  • Er kulturavstand viktig her?

Bruk funna dine til å presentere for medelevene dine. Er det stor forskjell på det de har kome fram til?

Læringsressursar

Kva er interkulturell kompetanse?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kulturell neddykking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Small Talk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.