Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kompetanse?ChevronRight
  5. Vårt etiske ansvarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vårt etiske ansvar

Kunnskap er makt, blir det sagt. Det gjeld ikkje minst den kunnskapen vi har om kultur og kommunikasjon. Vi kan bruke kunnskapen til det beste for alle, eller vi kan misbruke han. Er du bevisst ditt etiske ansvar?

Fransk TV-team filmer stammefolk i Tsodilo Hills, Botswana. Foto.
Media har eit etisk ansvar for korleis dei framstiller andre kulturar. Kva trur du fotografen prøver å få fram i denne situasjonen?

Målet med kommunikasjon er å oppnå forståing og vinne ny innsikt. Vi kan oppleve situasjonar der vi forstår at vi ikkje forstår. Då oppstår gylne augneblinkar. Når vi forstår at vi ikkje forstår, kan vi stille spørsmål og få greie på nye ting. Slike situasjonar kan inspirere oss til nye undersøkingar og nye oppdagingar – helst til fordel for begge partar.

Innsikta som vi har fått i omgrepa og mekanismane som ligg under interkulturell kommunikasjon gir oss også makt. Vi kan bruke den positivt til beste for alle, eller vi kan misbruke den. Kunnskapen om kommunikasjon kan også ha moralske konsekvensar. Vi skal her sjå på nokre tema som det er aktuelt å vere bevisste på når det gjeld vårt etiske ansvar.

Maktmisbruk

Øye som ser på Facebookside. Foto.
Sosiale medium kan også brukast til manipulering av vener og kontaktar dersom einn har den rette kompetansen.

Det er lett å tru at kommunikasjon berre er å få positiv respons, og å få folk til å gjere det vi vil ha dei til å gjere. Men då blir det ikkje kommunikasjon, det er manipulasjon. Ingen har rett til å rå over ein annan sitt liv. Kommunikasjon er ikkje å «trykkje ein bodskap nedover hovuda» på andre menneske.

Både reklame, næringsliv, reiseliv, hjelpeorganisasjonar, bistand og misjon sit inne med teknologi, økonomi og kunnskap som kan brukast til å kjøpe, manipulere og hjernevaske menneske. Men slik bruk av kommunikasjonskunnskap blir maktmisbruk og ikkje kommunikasjon etter grunntydinga – «å gjere felles». Fellesskap har som føresetnad ein dialog der begge partar søkjer etter meining.

Korrupsjon

Korrupsjon er å bruke stillinga si eller posisjonen sin til å skaffe seg eiga vinning på andre sin kostnad. Det er all grunn til å åtvare mot korrupsjon og pengar under bordet. I mange land og kulturar er korrupsjon svært utbreidd. Likevel vil vi hevde at det ikkje er riktig å seie – som det ofte blir sagt – at korrupsjon er «ein del av kulturen deira».

Vi vil avvise at kriminalitet er ein del av vår norske kulturbakgrunn, sjølv om nordmenn også gjer seg skuldige i kriminelle handlingar. Også menneske i Brasil, Kamerun og Japan veit at korrupsjon er ille og ønskjer å motarbeide uvesenet. Svindlarar og utsugarar er verken respekterte eller likte nokon stad. Folk flest foraktar eit slikt system. Dersom nokon der hadde sagt at det var ein del av kulturen deira, ville dei fleste følt det djupt krenkjande og insinuerande.

Ein påstand om at korrupsjon er ein uunngåeleg del av kulturen, noko som ein berre må akseptere og innrette seg etter, bør imøtegåast og avvisast. Det er forkasteleg i vårt eige land, og det er forkasteleg også andre stader. Det er altfor lettvint å legge skulda på offeret.

Empati

Jente trøster gråtende gutt. Foto.
Sympati og empati.

Innleving i livsmønsteret og tenkjemåten til andre menneske er svært vanskeleg, men også spennande. Der vi lykkast, har vi komme kvarandre nokså nær inn på livet. Det skaper band av gjensidig tillit, forståing og lojalitet. I vår eigen samanheng kan vi i stor grad på førehand vente oss korleis andre menneske vil reagere på handlingane og haldningane våre.

I ein framand kulturell kontekst, derimot, er det mykje vanskelegare å rekne seg til på førehand korleis reaksjonen vil bli. Det er grunn til å stille eit kritisk og sjølvransakande spørsmål: Kva rett har vi til å utnytte mellommenneskeleg kontakt til eigne og private formål?

Empati kan óg gi makt til den som går inn i prosessen. Kulturinnleving reiser derfor viktige etiske spørsmål: Kva blir denne makta brukt til? Er vi for eksempel villige til sjølv å sleppe andre innpå oss? Korleis ville vi like å bli utsette for eit anna menneske sitt ønske om å komme inn på våre «private einemerke»? Desse spørsmåla fortener kritisk ettertanke.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kompetanse?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kulturell neddykking

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Small Talk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.