Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kompetanse?ChevronRight
  5. SamtaleteknikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samtaleteknikk

Mange blir usikre i møte med noko som er framand. Ikkje minst gjeld det når vi møter menneske med annan kulturbakgrunn enn oss. Kva skal vi seie, og kva bør vi ikkje seie? Å føre ein god samtale kan lærast.

Jente med hijab samtaler med blond langhåret jente. Foto
Ulike kulturelle referanserammer kan gjere samtalen utfordrande.

I ein kommunikasjonssituasjon kan generelle reglar for god samtaleteknikk vere nyttige. Det finst ei rekkje bøker og referansar på internett om samtaleteknikk som kan vere til god hjelp, sjølv om dei ikkje tek opp dei kulturelle aspekta spesielt. Her er nokre generelle råd:

Vis respekt for samtalepartnaren

Respekt kan bety følgande:

  • Hugs namnet! Same kor uvanleg og merkeleg det kling i våre øyre, er det heilagt for han eller henne. Bruk tittel dersom dette er vanleg skikk.
  • Ver høfleg i språkbruk og åtferd overfor den andre. (Bruk også passande klesdrakt.)
  • Respekter religiøse heilagdagar og kulturelle skikkar, sjølv om dei verkar uforståelege og underlege for oss. Latterleggjering er like ille som fordømming.
  • Ver ikkje «ovanfrå og ned». Unngå påbod, truslar, moraliseringar og «forhøyr», dersom dette ikkje er oppgåva di.
  • Vis interesse!
  • Vis tillit!

Gjer ein innsats for å lære språket

Språket er sjølve porten inn i ein annan kultur. Så langt det er mogleg bør vi prøve å snakke det same språket, både det verbale og det ikkje-verbale. Dersom dette ikkje er mogleg, bør vi prøve å tilpasse oss til den andre så godt vi kan. Teiknspråk kan vere til god hjelp. Manglande ordtilfang burde ikkje stoppe ein kommunikasjon. I staden bruker vi ganske enkelt dei orda, teikna og uttrykka som vi kan og prøver å gjere oss forstått.

Gi tilbakemelding og fang opp motpartens tilbakemelding

Tilbakemelding er det beste middelet til å registrere om partane forstår kvarandre. Dersom tilbakemeldinga viser misforståing eller manglande forståing, kan ein prøve med nye formuleringar. Når du forstår at du ikkje forstår, oppstår gylne augneblinkar som opnar for ny forståing. Då kan du stille spørsmål. Tilbakemeldingar kan vere både verbale og ikkje-verbale. Dei kan vere tydelege, slik som når ein delegasjon marsjerer ut frå ei forsamling i protest, eller dei kan vere utydelege, slik som eit lett drag over ansiktet eller utolmodig tromming med fingrane.

Ein måte å sikre seg mot misforståinga på er å få partnaren til å gjenta eller forklare innhaldet i det som har blitt sagt. Slik kan eventuelle feil rettast opp i tide. Gi høve til spørsmål! Vi bør også sjølve formidle tilbakemelding både ikkje-verbalt ved ansiktsuttrykk, små smil, nikk eller liknande, og verbalt ved motspørsmål eller med små utbrot som: «Jaså!», «Seier du det!» og liknande.

Plutselege utfall og reaksjonar med tydelege kjensler kan blokkere vidare kommunikasjon. Det er ein god regel «å telje til ti», om du blir sint.

Ta deg tid! Snakk langsamt, uttal orda tydeleg og bruk pausar

Dei aller fleste som er usikre på eit nytt språk, synest at den andre personen snakkar for fort. Det kan vere godt å ta tida til hjelp. Tolmod og små pausar i ein samtale kan vere viktige for å gi anledning til tilbakemelding og spørsmål.

Ver merksam på ulik bruk av ja og nei

Vi har tidlegare vore inne på at mange (særleg menneske frå Aust-Asia) helst svarer «ja» same kva ein spør om. Tankegangen bak er at dei vil vere høflege og tekkjast spørjaren. Meininga kan også vere at dei stadfestar at dei har forstått spørsmålet, noko slikt som «Eg høyrer kva du seier», utan at dei har teke stilling til innhaldet i spørsmålet. Grunngivinga for eit «ja» kan også vere å unngå at den andre «taper ansikt». Svararen vil gjerne vise at han eller ho er velvillig og viser respekt. Også «nei» kan bli brukt på ein annan måte enn vi er vande med hos oss, som vi har sett.

Unngå spørsmål som kan få eit enkelt ja eller nei som svar

Spørsmål som «Har du forstått?» kan lett gi villeiande svar. Som regel blir svaret «ja», sjølv om innhaldet i det som skal formidlast, ikkje er forstått. Då er det betre å stille direkte spørsmål og få opplysningane på annan måte. Kontrollspørsmål vil vise om innhaldet i det som er sagt, er forstått. Det kan vere bra om den andre gjentar det som er meint med andre ord.

På mandarinkinesisk har dei verken ja eller nei. Når kinesarane skal snakke engelsk, bruker dei derfor ofte «yes» og «no» heilt vilkårleg. På sitt eige språk stiller dei spørsmålet slik: «Du liker kaker, stemmer, stemmer ikkje?» Svar: «Stemmer».

Når enkelte svarer «Ja» på ei nektande utsegn, betyr det ofte at vedkommande stadfestar det negative innhaldet i setninga. Når oppfordringa «Ikkje gå ut i gata!» får svaret «Ja!», betyr det hos mange folk «Nei, eg skal ikkje gå ut i gata». Når sjukepleiaren spør ein vietnamesar: «Har du ikkje teke tablettane?» og vietnamesaren svarer «Ja», betyr det at ho ikkje har teke tablettane.

Bruk spørjeord

Spørsmål som kan få eit enkelt ja eller nei som svar – såkalla ja/nei-spørsmål, kan ofte gi oss villeiande svar. Då er det betre å bruke spørjepronomen som til dømes kva, kven, kvifor, når og kva for ein. Slike spørsmål må svarast på med heile setningar. På spørsmålet «Kva slags tiltak meiner du vi må setje i verk?» må svararen kome med forklarande setningar. Det er ikkje nok å svare «Ja» eller «Nei».

No bør vi vere merksame på at bruken av spørsmål varierer i ulike miljø. Direkte spørsmål kan opplevast støytande innanfor ei rekkje asiatiske grupper. Derfor gir dei ofte heller ikkje direkte svar på slike spørsmål. Ofte må partane ha kjent kvarandre og ha opparbeidd eit tillitsforhold før dei gir svar på direkte spørsmål.

Prøv å få tak i kva den andre parten meiner

Still gjerne spørsmål dersom du trur at du kan ha misforstått. Gjenta gjerne innhaldet i det du trur den andre har sagt. Sei det på ein annan måte, slik at han eller ho forstår at du har forstått kva han meiner. Ei slik utsegn blir gjerne kalla ein parafrase. Du kan til dømes seie «Meiner du at ...», «Var det dette du tenkte på?», «Eller er det slik at ...?» Men her gjeld det også å unngå ja/nei-fellene.

Eit anna alternativ er å gjenspeile kjenslene til den andre. Eit døme: «Eg forstår at du er ergeleg for denne måten å behandle saka på.» Du kan også ta ei oppsummering og setje fram førebelse konklusjonar. Kryssjekking er også nyttig. Finn ut på andre måtar om bodskapen er oppfatta.

Bruk mynteining og måleeiningar som blir brukte i vedkommande land

I USA bruker dei fahrenheit-grader, fot og tommar i daglegtalen, sjølv om centigrader og metersystemet er innførde for vitskapleg bruk. Talorda kan også forvirre. Ein milliard (9 nullar) blir kalla ein billion i USA. (Ein billion i Europa skriv vi med 12 nullar.)

Unngå sjargong og slanguttrykk

Unngå språklege og kulturelle særuttrykk. Desse uttrykka kan vere vanskelege for ein utlending: «Det skulle berre mangle!», «Ikkje så verst!», «Eg føler meg litt deppa!», «Litt av ei snelle!», «Gå på tå hev», «Små gryter har også øyre» (tyding: «Ungane kan høyre kva vi snakkar om»). Berre tenk på korleis du vil omsetje slike uttrykk til engelsk, så skjønar du at det kan bli vanskeleg.

Vurder situasjonen før du bruker humor

Spøk og vitsar kan lett misforståast på eit anna språk. Når slike historier er morosame, er det ofte fordi dei har overraskande poeng som ikkje svarer til forventningane på førehand. Men førehandsforventningar har nøye samanheng med kulturelle tradisjonar. Derfor har mange opplevd at ei god historie som slår an i eige miljø, ikkje blir oppfatta i ein annan kulturell samanheng.

Humor er kanskje noko av det som er vanskelegast å omsetje til eit anna språk. Men humor kan også vere ein brubyggjar når vi finn dei rette poenga som blir forstått. Ein spøk og ein god latter i rette augneblinken kan fremje god interkulturell kommunikasjon. Eit smil som uttrykk for vennleg framferd er universelt! Latter er fellesmenneskeleg. Men som vi har peikt på, kan det også liggje andre meiningar under smil og latter, meiningar som for oss er vanleg å uttrykkje på andre måtar.

Ver merksam på språkleg interferens

Når uttrykksmåtar som er vanlege på eit språk blir overførde ubevisst til kommunikasjonsspråket, kallast det språkleg interferens.

Ein nordmann blei tilboden ein kopp kaffi av ein engelsktalande kollega. På spørsmålet: «Would you like coffee?» svarte han «Yes, thanks!» Utsegna var ei direkte omsetjing av norsk uttrykksmåte. På engelsk burde han ha sagt «Yes, please!» På fleire språk er det elles slik at «takk» kan bety anten «ja, takk» eller «nei, takk».

Ver merksam på val av samtaleemne

Det kan vere viktig å unngå tabutema og velje samtaleemne som interesserer partnaren. Gå ikkje over grensene for dei sosiale sfærane. Det er ikkje berre folk i Austen som kan «tape ansikt».

Dersom det er vanskeleg å kome i gang med ein samtale, kan det vere eit godt råd å prøve å finne ut kva den andre interesserer seg for og få vedkommande til å snakke om det. Vi menneske liker ofte å snakke om oss sjølve og vårt eige. Det kan i alle fall setje kommunikasjonen i gang. Ofte kan det også vere lærerikt og nyttig.

Eit felles kontaktpunkt – felles kjende, felles stader eller felles oppleving – kan vere eit godt utgangspunkt for ein samtale med ukjende.

Ver deg sjølv! Ver ekte!

I all vår tale om å forstå den andre og gå inn i den andre sin situasjon, må vi ikkje miste vår eigen identitet. Ein del europearar har prøvt å ta etter og leve som afrikanarar og asiatar når dei lever i landa deira. Ofte blir slike forsøk på «å spele innfødd» gjennomskoda og oppfatta som latterlege.

Men situasjonen kan variere frå land til land, og frå gruppe til gruppe, og ei form for kompromiss må vi oftast finne fram til, for planta om i ein ny situasjon kan vi heller ikkje leve slik som vi gjorde heime i vårt eige miljø. I dei aller fleste miljø set folk pris på at ein er den ein er. Ein nordmann blir aldri japanar eller nigerianar.

Det beste rådet er at du er ærleg og ekte. Hugs at «du kan ikkje ikkje-kommunisere!» (1). Kva du enn gjer eller ikkje gjer, så fortel orda dine, handlingane dine og klesdrakta di noko om deg. Vi blir alle «lesne» av omgivnadene våre, både i arbeid og fritid. Matforbruk, alkoholvanar, omgang med det andre kjønn, respekt eller manglande respekt for andre – alt fortel noko om oss. Handlingane våre seier meir enn ord om kven vi er, og kva vi står for.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kompetanse?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kulturell neddykking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Small Talk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.