Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kompetanse?ChevronRight
  5. Kulturell neddykkingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturell neddykking

Når du møter menneske som har ein annan kultur enn deg, må du tenke over korleis du kommuniserer på ein heilt annan måte enn når du kommuniserer med ein du kjenner godt og som har same kulturbakgrunn som deg.

Jente lærer mann å lese følelser med smilefjes. Foto
Både det å kjenne seg sjølv og det å kunne setje seg inn i situasjonen til andre, er viktig interkulturell kompetanse.

Gjennom kommunikasjonen med nye kulturar vil vi få verdifulle kunnskapar om andre måter å tenkje og leve på. Vi skal no sjå korleis vi kan bruke dette empati-synspunktet i ein modell som vi kan kalle kulturell neddykking. Denne modellen går ut på å vise korleis vi kan lære nye kulturelle spelereglar å kjenne for å kunne kommunisere med menneske i ein ny kultur. Det er fem trinn i modellen, som er tilpassa etter Milton Bennetts modell[1] .

1. Kjenn deg sjølv

Første trinn i modellen går ut på å lære seg sjølv og sin eigen kulturbakgrunn å kjenne. Det er svært viktig at vi sjølve har ei kulturell forankring når vi møter andre. Vi må kjenne våre eigne verdiar og normer.

Den som har lært seg sjølv å kjenne og er trygg på seg sjølv, treng ikkje vere redd for å bli stilt overfor det ukjende og framande. Rett nok kan våre eigne verdiar, normer og tru bli utfordra i møte med andre sine verdiar, normer og tru, men det kan vere sunt å bli utfordra av andre. Ofte fører det til at vi får eit meir gjennomtenkt forhold til våre eigne verdiar og normer.

Møtet med det framande er ikkje ein skremmande, ukontrollerbar situasjon. Tvert imot kan det på den eine sida føre til at vi betre kan leve oss inn i andre sine tankar og kjensler, og på den andre sida føre til at vi sjølve får auka innsikt også i eigne tankar og kjensler. Dermed taper vi ikkje vår eigen identitet, men blir tryggare på han.

Å lære seg sjølv å kjenne betyr også å lære å kjenne det vi kan kalle vår eigen kommunikative stil. Vi formidlar ikkje berre gjennom orda våre, men også gjennom livet vårt og handlingane våre. Det kan vere nødvendig å stille kritiske spørsmål til våre verbale og ikkje-verbale ytringar: Er vi merksame og opne, eller nervøse og innestengde? Har vi evna til å sjå og lytte, eller er vi fordomsfulle? Avbryt vi den andre, held vi «tråden» i ein samtale, smiler vi, verkar vi truverdige, gir vi tillit? Korleis verkar vi på omgivnadene våre?

2. Sjølvoppgiving

I det andre trinnet utfører vi sjølve «neddykkinga». Det betyr at vi må forlate vår eigen posisjon og nærmast oppgi vår eigen identitet. Dette kan sjølvsagt vere lettare sagt enn gjort. Det kan heller ikkje vere snakk om noko anna enn ei førebels sjølvoppgiving. For empatien si skuld blir vi nøydde til å leggje igjen våre eigne målestokkar heime, og våre eigne meiningar om rett og gale.

3. Innleving (empati)

I dette trinnet har vi då teke skrittet fullt ut og prøver å vere opne og sjå, lytte og lære mest mogleg ut frå den andre sine føresetnader. Det betyr at vi, i alle fall tilnærma, prøver å leve oss inn i den andre sin levemåte, tru og verdiar. Det er som å bli som barn igjen: å ta imot inntrykk og herme etter dei andre og innpasse oss i omgivnadene slik som dei møter oss. Det er empati.

Denne situasjonen kan vi samanlikne med den som vi kan oppleve når vi les ein fengslande roman eller opplever ein film eller eit teaterstykke. Vi lever oss inn i personane i romanen eller stykket, identifiserer oss med dei, tenkjer som dei og reagerer som dei. I det aktuelle verkelege livet er det likevel ikkje romanfigurar eller skodespelarar vi møter, men verkelege menneske av kjøtt og blod. Vi kjem inn på eit framandt område som vi oftast opplever som utilgjengeleg: ein annan person sine tankar og erfaringar.

4. Tilbakevending

Etter den empatiske innlevinga skal vi så vende tilbake til oss sjølve og vår eigen identitet. Vi skal finne oss sjølve igjen og forlate den andre. Det er ikkje minst på grunn av dette trinnet at det er så viktig å kjenne seg sjølv slik som nemnt under det første trinnet. Vi finn igjen vårt eige verdsbilete, våre eigne verdiar og normer. Det gir tryggleik.

5. Refleksjon

Dei erfaringane vi har gjort, gjer at vi etter eit slikt eksperiment likevel ikkje lenger er heilt dei same som før. Opplevingane i den andre sin situasjon gir oss eit kritisk blikk både på hans eller hennar kulturbakgrunn og på vår eigen. Vi kan til dømes stille erfaringane opp mot kvarandre. Ut frå eit slikt eksperiment vil vi kanskje endå klarare sjå skilnadene og likskapen mellom oss sjølve og den andre. Vi blir meir klare over kvar våre eigne toleransegrenser finst.

Kor lenge dette eksperimentet skal vare, er avhengig av føremålet med neddykkinga. For ein meir overflatisk kontakt, slik som enkelte turistar eller forretningsfolk opplever, kan ein til og med klare seg utan. Antropologar bruker denne metoden som dei kallar «deltakande observasjon» når dei gjer feltarbeid i ein annan kultur. Det er vanleg at dei bruker eitt til to år på ei slik innleving, men innlevinga er sjølvsagt ikkje like intens heile tida.

Erfaringane frå ei slik kulturell neddykking kan gi oss verdifulle kunnskapar om andre måtar å tenkje og leve på. Vi lærer kva meining andre legg i ulike kulturelle ytringsformer. Slik blir det mogleg for oss å bruke ord og uttrykk som gir meining for samtalepartnarane våre. Og kanskje klarer vi å oppleve nye meiningsfellesskap som kan vere givande for begge partar.

  1. 1«Overcoming the golden rule: sympathy and empathy». Milton J. Bennett. 1979.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kompetanse?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Small Talk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.