Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kompetanse?ChevronRight
  5. Korleis skal du helse?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Korleis skal du helse?

Oppgåve 1

I alle kulturar er det første møtet med representantar frå andre kulturar avgjerande. Tradisjonelt var det viktig å avgjere: Er personen ein ven eller fiende? Skal vi møte personen med vørdnad og varme, eller skepsis og til og med fiendskap? Når det er snakk om det første vennlege møtet, vil skikken for å signalisere velvilje og vørdnad variere frå kultur til kultur.

  • Korleis vil du gi et godt inntrykk første gongen du møter ein person frå ein framand kultur?
  • Du er i eit land med ein annan helseskikk. Korleis vil du helse på ein person frå dette landet første gong du ser han/ho?
  • Du møter ein person frå eit land med ein annan helseskikk enn i landet ditt. Korleis vil du helse på denne personen for første gong?

Oppgåve 2

Hausten 2018 var temaet handhelsing og kulturmøte framme i fleire medium. I artikkelen Kun statsborgerskap til dem som håndhilser blir innvandringsminister Inger Støjberg (V) sitert slik:

"Håndtrykket er den måten man hilser på i Danmark. Det er den måten vi viser respekt for hverandre på her i landet."

Sakene i media har stort sett dreidd seg om haldningane muslimar har til å handhilse på kvinner. I artikkelen Imamer med klar beskjed: Håndhilsing er tillatt i islam kjem det muslimske fatwarådet med følgjande melding:

(...) i henhold til europeiske normer er håndhilsing ansett som naturlig allmennmoral og er indikasjon på respekt. Hvis dette ikke blir respektert og tatt hensyn til kan det forårsake vanskeligheter. Å avstå fra det kan skape misforståelse av at man er arrogant. For å unngå uhøflige og ubehagelige situasjoner, ta vare på skikken. Det er tillatt så lenge det er behov for det, for å unngå misforståelse.

  • Kva for haldningar til andre kulturar sine reglar og normer kjem fram i dei to sitata?
  • Les begge artiklane og diskuter. Kven bør følgje kva for helseskikkar? Grunngje svaret.

Oppgåve 3

I denne videoen fortel førelesaren Younis Hamza Al Hirz om helseskikkar i Bahrain. Sjå videoen og finn ut:

  • Kvar ligg Bahrain?
  • Når bruker ein helsinga salam aleikum?
  • Korleis skal menn og kvinner helse?
  • Skal ein utveksle handtrykk?
  • Kva seier helsemåtane her om dei kulturelle verdiane i Bahrain?

Oppgåve 4

Sosialantropologen Arne Rokkum fortel om helseskikkar i ulike kulturar. Sjå filmklippet og svar på desse oppgåvene:

  • I intervjuet startar dei med Japan. Kvifor, trur du?
  • Korleis minner helseforma til Zulu-folket på den vestlege?
  • Forklar den vanlege helsemåten til masaiane.
  • Korleis er det vanleg at to japanske kameratar skiljast?
  • Om du tek utgangspunkt i dei helsemåtane du høyrer om her, kvar tenkjer du at kulturavstanden er størst i høve til din eigen kultur?
  • Kva seier desse helsemåtane om kulturelle verdiar i Japan, hos zuluane og masaiane?
Ulike helsemåtar

Oppgåve 5

Kwintessential er ei britisk nett-teneste som tilbyr assistanse til kommersielle aktørar som har ei stor internasjonal kontaktflate. Det å kjenne til andre kulturar og levereglane deira, er særs viktig i handel og forretningsliv. Nettsidene gir verdifull informasjon om korleis ein kan opparbeide seg interkulturell kompetanse. Sjå på denne alfabetiske lista over land: Kwintessential

  • I grupper: Vel dykk eitt land kvar på Kwintessential si liste, og ein helsemåte.
    • Lag ein visuell presentasjon der de òg lastar opp ein video (til dømes frå mobil) der de demonstrerer helsinga. Gi bakgrunnsinformasjon og drøft dei kulturelle verdiane som er involverte.
    • Kva fordeler og ulemper har ei slik framstilling av helsemåtar?

Læringsressursar

Kva er interkulturell kompetanse?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kulturell neddykking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Small Talk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.