Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kompetanse?ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kva er interkulturell kompetanse?

Som barn lærer du kva som krevst for å kommunisere i kulturen du veks opp i. Men kva skjer når du møter kulturar som har andre normer og verdiar enn dei du har vakse opp med? Då krevst ein interkulturell kompetanse.

En far som prater med et lite barn som ligger på stellebordet. Foto.

Ordet kompetanse kjem frå latin competentia, og refererer til «å kunne noko», «å vere i stand til». Motsetninga er inkompetanse, «å ikkje kunne noko», dugløyse. Når eit barn lærer å kommunisere på ein føremålstenleg måte, har det tileigna seg kommunikativ kompetanse.

Ingenting av dette er medfødd. Barnet lærer av foreldra, søskena og venene sine. For å tileigne seg kommunikativ kompetanse er det nødvendig å leve i ein sosial samanheng. Alt det vi har omtala i dei tidlegare kapitla høyrer med til det vi alle lærer for å kommunisere:

  • kultur
  • kommunikasjon
  • interkulturell kommunikasjon
  • verbal og ikkje-verbal kommunikasjon
  • kontekst

Vi har også sett at det ikkje er nok å kunne ord og omgrep. Språket er knytt til personar, tid og stad. Kva som er passande språkåtferd i selskap, i butikk, ved bruk av telefon, i møte med familiemedlemmar, vener og framande er noko ein ikkje kan lære frå ei ordbok. Det er berre ved å leve i samfunn ein lærer den praktiske bruken av språket, pragmatikken.

Kompetanse om andre kulturar

Vi har mest kunnskap om kulturen vi veks opp i, men folk uttrykker seg forskjellig frå land til land og frå kultur til kultur. Når ein japanar seier yes, maybe, yes, følgt av små nikk, kan det vere ein høfleg måte å seie nei på. Mange forretningsfolk har bomma fordi dei har teke yes for å bety «ja». Ved å ikkje vere merksam på kva det betyr «å miste ansikt», har dei også mista kontraktar.

Når vi møter kulturar som har andre normer og verdiar, treng vi kunnskap om dette for å unngå misforståingar. Den kommunikative kompetansen den enkelte har opparbeidd i sin eigen kulturkrins, er ikkje tilstrekkeleg. I kulturmøtet trengst ein kompetanse som famnar vidare, det vi vil kalle interkulturell kompetanse:

Med begrepet interkulturell kompetanse vil vi forstå evnen til å kommunisere hensiktsmessig og passende i en gitt situasjon i forhold til mennesker med andre kulturelle forutsetninger.[1]

For å få ein slik interkulturell kompetanse må vi lære om og av menneske frå andre kulturar.

Vi lærer i møte med andre

Mange minoritetar i Noreg har blitt sjokkerte over at nordmenn ikkje helsar på dei, noko som ville ha vore sjølvsagt der dei kjem frå.

Nokre innvandrarar hadde flytta inn i ei blokk i utkanten av Oslo. Dei la merke til at nordmennene som budde i blokka ikkje helsa på dei.

Først trudde vi at dei var rasistar, sidan dei ikkje ville helse på oss som har mørk hud. Så var vi sikre på at dei ikkje likte oss, sidan dei ikkje snakka til oss. Det gjekk eitt og eit halvt år før vi oppdaga at dei heller ikkje helsa på andre nordmenn.

Muslimske kvinner med barnevogner står utenfor noen boligblokker. Foto.

Norsk (manglande) høfleg framferd er faktisk noko ein nykommar må lære for å kunne opptre «på ein norsk måte» blant nordmenn. På same måten må nordmenn leggje seg litt i selen for å handhelse når dei kjem til Frankrike og seie bonjour monsieur (God dag, min herre), bon soir madame (God kveld, fru/frøken) og liknande uttrykk. Bruken av «herr» og «fru» har heilt gått av moten her hos oss, mens det er vanleg i Tyskland og Frankrike.

Må vi alltid tilpasse oss andre sine normer?

Interkulturell kompetanse betyr ikkje at ein må «leggje seg flat for» dei kulturelle skikkane og normene til den andre og tilpasse seg utan vilkår til ein framand kultur. Sjølv om det er viktig å sjå, lytte og lære, kan det vere like viktig å klargjere sine eigne føresetnader og sin eigen bakgrunn i møte med den andre.

Det er viktig å forstå den andre, men ei rein kulturrelativistisk tilnærming kan føre til at vi mister det moralske kompasset vårt. Du må sjølv vurdere kva som stemmer overeins med dine eigne verdiar og normer, utan å bli etnosentrisk.

  1. 1«Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon.». Øyvind Dahl. Gyldendal akademisk. 2001.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kompetanse?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kulturell neddykking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Small Talk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.