Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kommunikasjon?ChevronRight
  5. Korleis dannar vi meiningar?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Korleis dannar vi meiningar?

Oppgåve 1

I fagteksten står det at meiningar blir til i eit sosialt samspel. Forklar kva vi meiner med dette.

Oppgåve 2

Diskuter kva meiningar er og korleis dei oppstår:

  • Korleis har du sjølv fått meiningar om rett og feil, stygt og pent og så bortover?
  • Kven har påverka deg?
  • Blir du lett påverka av andre?
  • Påverkar du andre sine meiningar?
  • Kva betyr respons og oppfølging frå andre personar for dine meiningar?
  • Er slik meiningspåverknad positiv eller negativ?

Oppgåve 3

Gjer eit forsøk der de går saman minst tre i ei gruppe. Finn eit tema de skal diskutere, og vel to ulike standpunkt (de latar som viss de eigentleg er einige). Den tredje skal vere observatør og notere det som skjer i debatten:

Korleis kommuniserer dei som har veldig ulike meningar?

  • Lyttar dei til kvarandre og tar tak i kvarandre sine argument?
  • Endrar dei meining delvis eller heilt undervegs?
  • Kva skjer med kroppsspråket i diskusjonen?

Gjenta forsøket, men no skal alle ha ganske like meiningar om temaet de diskuterer. Korleis kommuniserer dei som har veldig like meiningar?

  • Bruk dei same punkta som over i observasjonen.
  • Kva er forskjellen på denne og førre diskusjon?

Kva kan dette forsøket seie oss om korleis vi dannar meiningar?

Læringsressursar

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Kulturmøte på film

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter