Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturavstand

Kommuniserer du best med ein jamaldra amerikanar, ein norsk pensjonist eller ein kinesar som driv med cosplay? Kor vil det bli flest misforståingar? Kulturavstand handlar om meir enn ulik nasjonalitet.

Lege og baby. Foto.

Interkulturell kommunikasjon

Med interkulturell kommunikasjon meiner vi kommunikasjon mellom aktørar med ulik kulturbakgrunn. Om eg studerer kommunikasjon mellom ein nordmann og ein malaysiar, mellom ein trønder og ein jærbu, kan eg kalle det studium av interkulturell kommunikasjon.

Det treng likevel ikkje vere nasjonalitet som skaper avstand. Ein kommunikasjon om virus på datamaskinen mellom ein dataingeniør og ein sjukepleiar som begge er norske, kan vere problematisk nok dersom den eine bruker mange faguttrykk som den andre ikkje kjenner til. Ei bruksrettleiing er heller ikkje alltid lett å forstå for den som ikkje kjenner det spesielle kodespråket.

Beskrivande tilnærming

Men, som vi har sett, kan studiet av slike situasjonar bli ganske ulikt om vi bruker ein beskrivande eller ein dynamisk måte å forstå situasjonen på.

Dersom vi held oss til ei beskrivande kulturforståing, kan kulturar beskrivast som eit rammeverk rundt ein essens, noko som er typisk for denne kulturen. Ei beskrivande tilnærming vil prøve å beskrive kulturavstanden.

Dynamisk tilnærming

Dersom vi nyttar den dynamiske kulturforståinga på ein kommunikasjonssituasjon, ser vi at omgrepet kulturavstand blir mindre viktig. Med eit slikt perspektiv er spørsmålet nemleg kva slags element dei ulike aktørane tek i bruk i den kommunikasjonssituasjonen dei begge er involverte i. Det blir også viktig å sjå korleis dei forstår kvarandre, kva ei utsegn eller ei handling frå den eine får for oppfølging frå den andre, kva som kjem ut av det, og korleis dette endrar føresetnadene for vidare kommunikasjon.

Den dynamiske tilnærminga er mykje meir fleksibel for å forstå kva som skjer enn ei beskrivande essensialistisk tilnærming. Men det er mykje meir krevjande å analysere ein kommunikasjonssituasjon på denne dynamiske måten, enn når ein til dømes kan bruke ei «oppskriftsbok» på korleis ein «typisk» norsk person vil kommunisere med ein «typisk» arabisk person. Utfallet av kommunikasjonen kan ein ikkje føreseie sikkert.

Intrakulturell kommunikasjon

To personar som kjenner kvarandre godt, som kanskje har vore i lag mykje av barndommen, treng ikkje mange orda for å forstå kvarandre. Det går kanskje an å karakterisere denne kommunikasjonen som intrakulturell kommunikasjon – det vil seie kommunikasjon innanfor ein bestemt kultur. Ordet intra- betyr «innanfor» (må ikkje forvekslast med inter- som betyr «mellom»).

Tverrkulturell kommunikasjon

Med tverrkulturell (engelsk: crosscultural) kommunikasjon meiner vi kommunikasjon på tvers av kulturane. Uttrykket blir brukt når ein skal samanlikne ulike måtar å kommunisere på tvers av kulturane.

Dersom eg skal samanlikne til dømes helseskikkar hos japanarar, franskmenn og russarar, dreier det seg om ei samanlikning på tvers av (engelsk: across) kulturane, og det kan vere rimeleg å kalle det tverrkulturelle kommunikasjonsstudium.[1] Også uttrykket krysskulturell kommunikasjon blir brukt på norsk i denne tydinga.

Oftast er forskarane i studiet av tverrkulturell kommunikasjon (engelsk: cross-cultural communication) også opptekne av interkulturell kommunikasjon, slik at uttrykka har ein tendens til å gli over i kvarandre.

Innanfor eller utanfor ein kultur?

Vi kan tenkje oss at kulturavstand er ein skala frå intrakulturell til interkulturell. Dersom dei som kommuniserer har veldig lik bakgrunn, kan vi seie at den kulturelle avstanden mellom dei er svært liten. Dersom dei har svært ulik bakgrunn, kan vi seie at det er stor kulturell avstand imellom dei.

Men kvar går grensa? Kva er innanfor og kva er utanfor ein kultur? Skalaen er ikkje heilt uproblematisk. Heilt intrakulturelle kommunikasjonar finst sannsynlegvis ikkje i det verkelege livet. To menneske som har same språk, vedkjenner seg same religion og har same politiske overtyding, utdanning og litterære smak, har sjølvsagt meir felles enn to som snakkar kvart sitt språk, trur på forskjellige gudar og har lese forskjellige bøker. Men to menneske er ikkje like, det vil alltid vere ein viss avstand mellom dei.

Teknisk sett er det dei same mekanismane som er i aktivitet uansett kulturavstand. Vi tolkar – og mistolkar – kvarandre sine signal kroppsspråk, ord, teikn og åtferd.

  1. 1«Communicating with strangers: an approach to intercultural communication». Gudykunst, William B. Young Yun Kim. McGraw-Hill. 2003.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Kulturmøte på film

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter