Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kommunikasjon?ChevronRight
  5. Meiningar blir til i eit sosialt samspelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Meiningar blir til i eit sosialt samspel

Alle menneske bruker teikn, symbol og språk for å gi meining til verda rundt. For at vi skal kunne forstå kvarrandre, kan det ikkje vere veldig ulike oppfatningar av kva vi legg i teikna, symbola og språket vi bruker.

Samtale i fysikktimen. Foto.
Når du snakkar med medelever i timane, har de ganske like referanserammer. Kulturavstanden mellom dei to på biletet er kort.

Det å gje meining til teikn, symbol, ord og handlingar skjer i samspel med andre menneske. Meininger er ikkje tekne ut frå «lause lufta». Det skjer heile tida ei forhandling om meining i dei pågående samtalane i eit samfunn.[1] Menneske i eit sosialt fellesskap etablerer tilnærma semje om kva ting skal bety.

Ulike referanserammer skaper avstand

Meiningane våre blir til gjennom oppvekst og ved hausting av erfaringar i samspel med jamaldra og likesinna, med yngre og eldre, med kjende og framande. Heile livet er ein arena for læring. I kontakt med andre etablerer vi ei kulturell referanseramme. Så lenge kommunikasjonen skjer innanfor denne referanseramma, kan menneske ha tilnærma same meining om dei same hendingane. Derfor kan daglegdags kommunikasjon skje nokså uproblematisk.

Elevar i vidaregåande har ei felles ramme om handlingane sine, dei er omtrent like gamle og har felles erfaringar og språk. Det forenklar kommunikasjonen. Elevene har meir eller mindre same meining om dei samme hendingane – og kommunikasjonen kan skje ganske greitt.

I kommunikasjon med eldre menneske, eller framande som har eit anna morsmål, kan forståinga og kommunikasjonen opplevast vanskelegare. Både alder og språk kan skape avstand. Også samtaletema kan innverke på om det er mogleg å forstå kvarandre. Til dømes kan det vere vanskeleg å forstå kvarandre i ein diskusjon om ulike religionar som inneber ulike fundamentale verdiar, mens det kan gå heilt greitt å kommunisere på fotballbanen.

Kommunikasjon lærer vi gjennom samhandling

Korleis blir vi menneske med evne til å kommunisere? Allereie frå fødselen lærer barnet forskjellen mellom kjenslene tryggleik og angst. Når barnet græt og mora legg det inntil seg og snakkar roande med det, eller gir det mat, roar det seg. Her blir grunnlaget for kommunikasjon lagt. Barnet gir ytringar og opplever respons.

Dersom vi skal lære å gi ord og uttrykk, det vi kan kalle ei ytring, meining, må vi vere i samhandling med andre. Det er responsen frå andre menneske som avgjer kva slags meining vi etter kvart lærer å gi orda vi bruker. Dei ulike meiningane blir stadfesta eller avkrefta gjennom oppfølgjande handling.[2]

«Eg frys!» er ei ytring. Ho kan følgjast av fleire andre ytringar som gir meining til ei slik fråsegn, til dømes «Kle på deg!», «Gå inn!». Eller den kan følgjast av handlingar: Eg kan ta på meg genseren, eller mor kan komme med han. Nokon kan late igjen vindauga. Ytringa kan også bli følgt av ei ny ytring frå ein annan person: «Ja, er det ikkje fælt!» Denne fråsegna viser at ytringa «eg frys» nærmast er eit uttrykk for «eg frys ved tanken».

Rolla til mottakar er viktig

Også den russiske forskaren Bakhtin er oppteken av den andre, rolla til mottakaren, i kommunikasjonsprosessen. Ei ytring kan for han vere alt frå eit utrop eller ei (del)setning, (enkel ytring) til ein roman (kompleks ytring). Ytringa kan formidlast skriftleg og munnleg, eller musikalsk og visuelt[3]

Isolerte ytringar begynner å få meining når ein annan eller nokon andre innrettar seg etter ytringa – altså når dei føyer ei form for oppfølgjande handling (språkleg eller ikkje) til ytringa. Oppfølginga kan vere noko så enkelt som å seie «ja», «riktig», som svar på den opphavlege ytringa. Ho kan også ta form av ei handling – til dømes ved å nikke eller å vende blikket når ein høyrer utbrotet «sjå!». Oppfølginga kan også utvide ytringa på ein eller annan måte ved å svare med eitt eller fleire ord, ved å nikke eller gi andre teikn på kontakt.

For at ord, uttrykk og handlingar skal få meining for meg, er det altså nødvendig at ein eller annan følgjer opp ytringa eller handlinga mi og gir den ein funksjon innanfor relasjonen mellom oss. «Å kommunisere vil såleis seie å bli tildelt meining som eit privilegium frå andre,» seier Gergen[4]

Om derimot den andre eller dei andre ikkje behandlar ytringane mine som kommunikasjon, dersom dei ikkje følgjer opp det som blir sagt, så blir ytringane mine meiningslause, dei blir reduserte til nonsens – tøv.

Vi forhandlar om meining

Stort sett kan alle former for ytringar vere meiningsfylte, eller motsett: bli oppfatta som nonsens. Det er i samspelet mellom menneske at meiningane blir til. Det er som eit livslangt pingpongspel der meiningane kan bli innsnevra, presiserte, utvida eller forkasta som «det reine vås». Meining er eit samarbeidsprodukt – som stadig blir forhandla.

Dersom du spør meg: «Har du bestemt deg for kva du vil gjere med sykkelen?», kan eg reagere ved å stire forundra på deg, og på den måten vise at utsegna di har inga meining for meg. Eller eg kan gi spørsmålet forskjellige meiningar ved å gi ulike svar slik som «Eg tar han», eller «Eg skal parkere ved det grå huset», eller «Han skal fiksast i morgon», eller «Kva har du med det?»

Eit alternativ er å svare med latter, gå min veg, spørje kva du eigentleg meiner, eller eg kan setje i eit hyl og kaste meg ned på golvet. Reaksjonen min på spørsmålet ditt medverkar til den meininga du vel blant moglege meiningar. Med oppfølginga mi, eller manglande oppfølging, avgrensar eller hindrar eg at andre meiningar kjem til uttrykk.

Heile tida har vi begge høve til å følgje opp med nye spørsmål eller nye presiseringar. Meiningane er derfor på ein måte alltid kortvarige. Dei kan alltid bli gjenstand for ytterlegare oppfølging i handling eller i ord.

Dei meiningsuniversa som på denne måten blir bygde opp, kan medverke til at vedkommande skaper si eiga livsforteljing gjennom sjølv-dialog og dermed skaper meining også i situasjonar der andre ikkje er til stades og kan gi respons.

  1. 1«Dialogens tenker: nordisk perspektiv på Bakhtin». Helge Vidar Holm Torgeir Skrogen. Scandinavian Academic Press. 2006.
  2. 2«Virkeligheder og relationer: tanker om sociale konstruktioner.». Gergen, Kenneth J. Dansk Psykologisk Forlag. 2005.
  3. 3«Dialogens tenker: nordisk perspektiv på Bakhtin». Helge Vidar Holm Torgeir Skrogen. Scandinavian Academic Press. 2006.
  4. 4«Virkeligheder og relationer: tanker om sociale konstruktioner.». Gergen, Kenneth J. Dansk Psykologisk Forlag. 2005.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Kulturmøte på film

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter