Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kommunikasjon?ChevronRight
  5. Dynamisk tilnærmingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dynamisk tilnærming

Dersom vi legg ei dynamisk kulturforståing til grunn, er kultur ikkje noko ein har, men noko ein gjer. Kulturen blir skapt mellom menneske når dei kommuniserer med kvarandre.

To kvinner derav én med samisk fottøy og og én med høye heler. Foto.

Ei dynamisk tilnærming til kommunikasjon mellom kulturar tek høgde for at kultur er samhandling. Kulturen blir skapt når vi kommuniserer med kvarandre. Vi kan derfor ikkje føreseie utfallet av interkulturell kommunikasjon ved å sjå på kulturen til den enkelte.

Når ein ser på dynamisk kulturforståing, vil ein vere kritisk til slike tabellar som vi såg på når vi drøfta interkulturell kommunikasjon med ei beskrivande kulturforståing – særleg dersom ein vil bruke dei som ei «oppskrift» på korleis menneske frå bestemte kulturar snakkar og handlar.

Med ei dynamisk tilnærming vil ein vere meir oppteken av kva for eigenskapar, normer og verdiar aktørane gjer gjeldande i eit konkret kulturmøte. Menneska handlar ikkje berre som medlemmar av grupper, men ut frå den aktuelle situasjonen og i samspel mellom menneska som deltek i kommunikasjonen.

Kommunikasjon er ein prosess

Interkulturell kommunikasjon kan bli sett på som ei handling der aktørane gjer gjeldande kunnskapar, meiningar og verdiar i samspel med den andre. Interkulturell kommunikasjon er ein prosess som inneber utveksling og fortolking av teikn og meldingar mellom menneske på ein slik måte at det blir skapt ein ny kultur i samhandlinga. Kommunikasjon er forhandling om nye kulturelle føresetnader for vidare kommunikasjon.

Denne definisjonen skil seg frå den beskrivande kulturforståinga[1] ved at han oppfattar kommunikasjonen mykje meir dynamisk. I ei samhandling mellom to partar vil konteksten – i form av omliggjande ytringar, sagde og usagde, tonefall og uttrykksmåte, ulike rammefaktorar, samhandlingssituasjon og bakgrunnskunnskap – endre seg heile tida.

Konteksten endrar seg for kvar replikk

Gjennom samtalereplikkane sine skaper samtalepartnarane stadig nye kontekstar for kvarandre. Kvar ytring er bestemt av førre ytring, og er avgjerande for neste ytring. Det som er sagt, er der som bakgrunn i resten av samtalen – og kanskje også i seinare samtalar – og medverkar til at nye meiningar blir skapte i interaksjonen. Dermed endrar også konteksten seg for kvar ny replikk. Når ei ny setning skal formast, byggjer den på det som tidlegare er sagt, og det medverkar til tolkinga av den. Samtalen medverkar til ei endring av konteksten og dermed tolkingsrammene – det vi kunne kalle kulturen[2]

Alle ytringar går inn i ei kjede av ytringar. Dei byggjer på tidlegare ytringar og legg grunnen til framtidige ytringar. Det siste ordet er aldri sagt. Vi deltek i ein uendeleg dialog, som den russiske kulturforskaren Mikhail Bakhtin ville ha sagt det.[3]

Vi skaper ny kultur

Det er ikkje alltid at vi er medvitne om kulturen vår. Men dei kulturelle elementa vi ber med oss, slik som kunnskap, erfaringar, haldningar og verdiar, blir brukte i ein type «forhandling» med den andre, slik at det blir skapt nye kulturelle føresetnader i møtet. Resultatet er derfor ikkje så lett å føreseie. Som menneske er vi ikkje programmerte datamaskinar, vi kan handle på impuls og ut frå den responsen vi får i det aktuelle møtet. I den interkulturelle kommunikasjonen konstruerer vi ny kultur som ikkje var der før vi møttest.

Ut frå den dynamiske definisjonen ovanfor er det ikkje hudfargen eller statsborgarskapet til menneska som bestemmer om det er ein interkulturell kommunikasjonsprosess, men derimot korleis aktørane oppfattar seg sjølve i forhold til kvarandre og korleis dei konstruerer ein ny røyndom som følgje av samhandlinga.[4]

Definisjonen si styrke er at den gjer det mogleg for oss å forstå kommunikasjon som mykje meir dynamisk og nyskapande. I motsetning til det beskrivande kulturomgrepet gir denne bruken av det dynamiske kulturomgrepet i forståinga av kommunikasjon ei mykje meir open utvikling av samhandlinga. Vi kan ikkje føreseie utfallet på bakgrunn av kulturen til den enkelte. Men vi kan prøve å forstå den og studere kva kultur betyr i samhandlinga.

Tenk over

Korleis forstår ein pakistansk handelsmann i Noreg posisjonen sin? Er han norsk, eller er han pakistansk, eller er han begge delar? Når andre pakistanarar handlar med han, bruker han urdu eller punjabi slik som kunden, når han skal selje til nordmenn, snakkar han norsk. Kva slags kulturelle særdrag opplever han sjølv som gjer seg gjeldande i eit kulturelt møte?

Tenk over

Ein elev som diggar ein spesiell type reggae-musikk strøymer og spelar musikken i visse kommunikasjonssituasjonar saman med andre ungdommar. Sannsynlegvis opplever han seg som representant for eit globalt ungdomsfellesskap, der nasjonale grenser ikkje betyr noko. Men den same ungdommen kan oppleve at i andre samanhengar kan slike grenser faktisk bety noko, til dømes om han skal vere utvekslingselev i USA.

I skulen må minoritetsungdom på mange måtar forhandle seg fram til ein særeigen kulturell identitet i møte med klassekameratar med annan etnisk bakgrunn enn dei sjølve. Møteplassar, som til dømes eit diskotek, kan dermed bli ein arena som ungdommane bruker for å konstruere sin eigen kulturelle identitet i interkulturelle kommunikasjonsprosessar.

  1. 1«Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon.». Øyvind Dahl. Gyldendal akademisk. 2001.
  2. 2«The intersection between culture, social structures, and the individual-in-interaction». Svane, Marita. Oslo Academic Press/Unipub forlag. 2006.
  3. 3«Dialogens tenker: nordisk perspektiv på Bakhtin». Helge Vidar Holm Torgeir Skrogen. Scandinavian Academic Press. 2006.
  4. 4«Interkulturel kommunikation i komplekse samfund». Jensen, Iben. Roskilde universitetsforlag. 1998.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Kulturmøte på film

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter