Kva for kommunikasjonsråd vil du gi til ein norsk ven som skal reise til Japan? Antageleg vil du beskrive det du veit om japansk kultur, og prøve å føreseie kva som kan skje når han møter ein framand kultur.

Kommunikasjonen mellom ein nordmann og ein japanar kan oppfattast som ein interkulturell kommunikasjon. Det same gjeld kommunikasjon mellom ein trønder og ein rogalending, eller mellom ein førskulelærar og ein dataingeniør, ein gut og ei jente. Kvar av dei nemnde gruppene har enkelte fellesstrekk: nasjonstilknyting, religionstilknyting, yrke eller kjønn. I ei beskrivande kulturforståing leiter vi etter fellestrekka, felles normer og verdiar for kvar av desse kulturane. Vi beskriv det vi meiner er essensen.
Ei beskrivande tilnærming til kommunikasjon vil vektleggje denne essensen i kulturane som møtest: Korleis vil dei ulike kulturelle referanserammene, normene og verdiane prege ein samtale mellom ein nordmann og ein japanar?
Ikkje alltid medvitne kulturforskjellar
Det er ikkje sikkert at samtalepartane er medvitne om kulturforskjellane. Ein gut og ei jente som argumenterer med kvarandre, tenkjer kanskje ikkje på at kjønn skulle innbere ulike måtar å kommunisere på. Begge meiner at dei handlar og kommuniserer ut frå det som er naturleg for dei som individ.
Ein utanforståande observatør, derimot, vil kanskje grunngi måten deira å kommunisere på med at han er kjønnsbestemt. Jenter er opptekne av andre ting enn gutar. Mange meiner at jenter uttrykkjer seg meir indirekte enn gutar. Gutane forstår ikkje jentene sitt indirekte språk. Dei må ha fakta «inn med teskei».
Dømet i denne videoen gir eit godt utgangspunkt for å diskutere kva ulik kulturbakgrunn betyr i ein kommunikasjon. Ein utanforståande observatør kan gjerne beskrive slike kommunikasjonssituasjonar som interkulturell kommunikasjon, sjølv om deltakarane sjølve ikkje tenkjer på kulturforskjellar. Det går an å meine at kulturen har ein slik innverknad, at utfallet av kommunikasjonen på eit vis blir styrd av kulturbakgrunnen.
Formålet med ei beskrivande tilnærming
Mange artiklar og bøker innanfor fagfeltet interkulturell kommunikasjon er sterkt prega av ønsket om å forklare og føreseie utfallet av ulike kommunikasjonssituasjonar. Gudykunst seier at studiet av interkulturell kommunikasjon har som mål å redusere uvisse og angst. Ved å kjenne kulturane best mogleg, vil det vere mogleg å føreseie korleis menneska vil tenkje og handle uansett om aktørane oppfattar situasjonen slik eller ikkje.
Det meste av nordamerikansk litteratur om interkulturell kommunikasjon tek utgangspunkt i ei slik forståing. Mange bøker innanfor denne tradisjonen lagar oversikter og tabellar over kulturforskjellar mellom til dømes (nord)amerikansk og japansk kultur, mellom (nord)amerikansk og filippinsk kultur, som om desse forskjellane kan katalogiserast objektivt[1]
Tabellen viser kontrastar mellom meiningar og verdiar i nordamerikansk og filippinsk kultur. Vi kan bruke tabellen til å prøve å førutseie kommunikasjonen mellom desse kulturane.
Stikkord | Nordamerikansk | Filippinsk |
---|---|---|
Oppfatning av seg sjølv | Mennesket er eit individ | Mennesket er ein del av ein familie |
Sjølvet som referanse | Oppmuntring til autonomi og sjølvstende: Løys eigne problem, ha eigne meiningar | Oppmuntring til sjølvstende: Søk hjelp hos eldre menneske, autoritetar og familie |
Menneskenaturen | Mennesket kan forandre seg og forbetre seg | Slik er livet, det er ikkje noko å gjere med det |
Eigedom | Skilje mellom offentleg og privat eigedom | Ikkje skilje mellom offentleg eigedom og privat eigedom |
Tid | Tida går fort frå fortid til notid til framtid. Fokus på framtid. Bruk tida til å forandre og meistre omgivnadene | Tida går seint. Fortid og notid er viktigare enn framtid. Det er viktigare å tilpasse seg til omgivnadene enn å prøve å forandre dei |
Ressursar | Det er nok ressursar til alle: Konkurransementalitet: «Be the winner» | Ressursane er avgrensa. Dersom nokon får meir enn andre, blir det sett på som ein trugsel. Rikdom/fattigdom må fordelast likt til alle for å ta vare på det gode forholdet |
Konfrontasjonar | Konfrontasjonar ansikt til ansikt: «Stå på krava» | Konfrontasjonar gjennom «mellommenn» for ikkje å miste ansikt. |
Formalitet | Uformell og direkte | Meir formell og indirekte |
Aktivitet | «Gjere», aktivitet er bra | «Vere», ta livet med ro |
Avgjersler | Individuelt fokus – ansvarleg for eigne vedtak | Gruppefokus - kollektive vedtak blir tekne av leiaren |
Arbeid og leik | Arbeid og fritid er åtskilde | Arbeid og sosialt liv er ikkje åtskilde |
Kulturforskjellane blir å sjå på som barrierar som skal forserast. Avsendaren må utforme bodskapen sin slik at mottakaren kan ta imot han som meiningsfylt. Kjennskap til forskjellane skal gjere det mogleg å sannsynleggjere utfallet.
Humornettstaden Humor 911 har ei ordliste til menn som finn det vanskeleg å forstå kva kvinner seier: Humor911
- 1«The cultural dialogue. An introduction to intercultural communication». Michael H. Prosser. Sietar Int.. 1985.
Læringsressursar
Kva er interkulturell kommunikasjon?
Læringssti
Ungdomskultur før og nå
Kjernestoff
Fagstoff
- Kjernestoff
Beskrivande tilnærmingDu er her
Dynamisk tilnærming
KjernestoffMeiningar blir til i eit sosialt samspel
KjernestoffNår referanserammene skifter
KjernestoffKulturavstand
KjernestoffUngdomskulturer og subkulturer
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Kristin på reise
KjernestoffKulturavstand og kommunikasjon
KjernestoffKommunikasjon og beskrivande kulturforståing
KjernestoffKommunikasjon og dynamisk kulturforståing
KjernestoffKorleis dannar vi meiningar?
KjernestoffUngdomskultur gjennom tidene
KjernestoffFordyp deg i en subkultur
KjernestoffNorsk ungdomskultur
KjernestoffHva er ungdomskultur?
KjernestoffSupernerd
KjernestoffPecha Kucha om ungdomskultur
Kjernestoff