Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kommunikasjon?ChevronRight
  5. Når referanserammene skifterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Når referanserammene skifter

Visste du at å slurpe, slafse og rape er høfleg i somme kulturar? Det betyr at du set pris på maten. I Noreg blir liknande oppførsel tolka som manglande oppseding. Vi har ulike referanserammer for kva som er høfleg.

Jente sitter alene på buss. Foto.
Kvifor set vi oss alltid åleine på bussen? Er dette typisk for norsk kultur?

Noko som normalt og høfleg oppførsel i éin situasjon, treng ikkje vere det i ein annan samanheng. Vi veit stort sett kva som blir venta av oss i kulturen vi har vakse opp i. Det er når «kulturar møtest», når handlingane plutseleg blir tolka ut frå andre referanserammer, at misforståingane oppstår. Når kulturane står langt frå kvarandre, blir misforståingane tydelege og iaugefallande.

Når ein nordmann kjem inn på ein buss, set han seg oftast på eit sete der det ikkje sit nokon frå før. Då kan han slappe av utan å måtte innlate seg med andre. Mange utlendingar har blitt forskrekka over denne måten å opptre på. Dei opplever nordmenn som kalde og utilnærmelege. I deira eige land er det vanleg å setje seg på eit sete der det sit nokon frå før, så har dei nokon å snakke med.

Det same kan også skje når kommunikasjonspartnarane kulturelt sett står nær kvarandre. For menneske er alltid forskjellige, og teikn, ord og handlingar vil alltid tolkast ut frå den enkelte sin ståstad. Hendingane blir gjevne meininger av menneske, og slike meiningar hoppar ikkje frå hovud til hovud …

Vi kan bli blinde på eigne referanserammer

Ei rekkje av verdiane og normene våre har blitt lagra gjennom ein lang sosialiseringsprosess. Dermed har dei blitt umedvitne. Antropologen Edward T. Hall, som blir rekna for å vere ein av pionerane på dette fagfeltet, har vore oppteken av the silent language – språket utan ord.

Kroppsspråket vårt, umedvitne refleksar, bruk av tid og rom og bruk av konteksten (omgivnadene) er eit resultat av livslang læring i eit sosialt miljø. Vi reagerer på teikn og signal utanfrå med ei slags refleksrørsle, utan å tenkje over det.

Det har vore sagt at fisken ikkje legg merke til vatnet før han hoppar over vasskorpa og fell ned med eit plask. På same måten «sym» vi rundt i vår kultur utan å tenkje på at han er der. Men kjem vi til Danmark, Frankrike eller India, blir vi meir og meir merksame på kor norske vi er.

Så lenge vi opptrer innanfor vår eiga kulturelle referanseramme, kan vi «gå på autopilot». Vi kan skru av styringa og flytte oss etter innarbeidde rutinar. Men straks vi møter eit ukjent miljø, ein ny arbeidsplass eller eit nytt land, må vi derimot over på manuell styring. Det er mykje meir krevjande, men også utfordrande og lærerikt.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Kulturmøte på film

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter