Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kommunikasjon?ChevronRight
  5. Ungdomskulturer og subkulturerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ungdomskulturar og subkulturar

Korleis vil du beskrive ungdomskulturen du er ein del av? Følgjer du hovudtrendane, eller likar du å utfordre kulturen dei fleste andre jamaldra høyrer til?

Beina til to ungdommar kledde i sort, holete tøy, naglar,  nettingstrømper og skinnstøvlettar. Foto.
Nokre ungdommar vel å kle seg på ein måte som ikkje er sosialt akseptabelt eller som provoserer generasjonen over.

Subkulturar

Ungdom har ofte blitt tenkt på som ei einskapleg gruppe. I dag ser vi på ungdom som ei mangfaldig gruppe der det veks fram svært ulike subkulturar. Subkulturane blir danna etter unge sine interesser, sosiale bakgrunn, bustad og etnisitet. Innanfor desse gruppene definerer dei unge sine normer, verdiar, stiluttrykk, musikktilhøyrsle, førebilete, forhold til festing og rusmiddel, og ikkje minst kor mykje ein skal utfordre vaksenkulturen.

Når subkulturar blir mainstream

Elvis Presley i promotering for filmen Jailhouse Rock. Foto.
Elvis var det store ikonet for ungdommar på 50-talet.

Subkulturar oppstår ofte som ein reaksjon på verdiane og normene til den rådande kulturen. Marknadsførarar og filmskaparar hentar derfor gjerne inspirasjon frå subkulturar hos ungdom. Nokon av desse subkulturane har dermed fått ein stor plass i mediebiletet, sjølv om kulturen i utgangspunktet berre representerte ein liten subkultur blant ungdom.

Det var særleg etter andre verdskrigen at ungdomskultur blei ein del av mediebiletet. Med glattsleika hår, tronge jeans og skinnjakke dansa ungdommane til rockemusikk og provoserte den konservative foreldregenerasjonen. Det oppstod ein heil industri rundt denne tenåringskulturen, og han gjekk frå å vere ein subkultur til å bli ein "mainstream"-kultur.

Ungdom hentar også gjerne inspirasjon frå tidlegare ungdomskulturar. Vi ser det både i populærkulturen og motebiletet i dag. Vidare i artikkelen skal vi sjå nærmare på nokre sentrale subkulturar som har påverka generasjonane etter andre verdskrigen.

Før du les vidare: Er du inspirert av tidlegare ungdomskulturar, til dømes gjennom filmar? Diskuter med ein medelev.

Hippierørsla

Ein VW Kombi-buss fra 1967 dekorert med fargerik handmaling. Foto.
Hippiane dekorerte gjerne bilane med sterke fargar og psykedeliske mønster.

Hippierørsla oppstod i bydelen Haight-Ashbury i San Francisco i byrjinga av 1960-åra. I dette området kunne studentar, unge kunstnarar, musikarar og forfattarar finne billege og romslege husvære. Det oppstod eit alternativt samfunn. Mot slutten av 1966 byrja hippierørsla å få internasjonal merksemd.

Omgrepet psykedelisk, som betyr medvitsutvidande, var sentralt. Det blei vanleg med ein omfattande bruk av narkotiske stoff. Det var eigne butikkar, restaurantar og klubbar som selde "psykedeliske" varer og "psykedelisk" mat. Mange nye stilartar blei utvikla av dette og fekk gjennomslag i populærkulturen. Til slutt blei det ein del av mainstream-kulturen for ungdom som adopterte delar av denne livsstilen.

Sekstiåttarane

Studentopprøret i 1968 og dei påfølgjande åra utvikla seg til ei rørsle som på norsk blir omtala som sekstiåttarane eller "det nye venstre". Det var ei sosial rørsle, og i dei fleste tilfelle ei studentrørsle.

Desse studentane ønskte ei radikal samfunnsendring, og deltok aktivt i debattar og demonstrasjonar.

Det skjedde mykje på den verdspolitiske scenen i 1968. Martin Luther King og Robert F. Kennedy blei drepne, det var opptøyar i Paris, og verda såg ei bølgje av studentdemonstrasjonar som blant anna enda i Tlatelolcomassakren i Mexico. Vietnamkrigen hadde vart i sju år, og motstanden mot krigen auka.

Noreg opplevde ikkje den same studenturoa i 1968 som mange andre land. Men i 1970, med Rød Front si overtaking av Det Norske Studentersamfund, blei også norske studentar radikalisert.

Punkarar

Mot slutten av 1970-talet oppstod det ein ny subkultur blant ungdom i England. Punken oppsto i samband med den rå og opprørske punkrocken i 1970-åra, men han hadde stilmessige røter tilbake til 1960-åra.

Lær meir om punken som sjanger i dette innslaget frå NRK:

I hovudsak var punkarar kritiske til det etablerte samfunnet og brukte anarkistiske eller nihilistiske motiv som verkemiddel for å provosere og påverke folk. Utøvarane og tilhengjarane av musikkstilen hadde ofte svarte klede med jakkemerke, naglebelte, ring i nasen og hanekam. Rundt 1976 byrja dei første punkarane å dukke opp i dei større byane i Sverige, og dette spreidde seg etter kvart til norske byar.

Ulike subkulturar i dag

Ungdom blir ofte del av ulike subkulturar gjennom fritidsinteresser. Kva slags fritidstilbod du har kjem ofte an på kor du bur. Det kan dannast subkulturar rundt ungdom som er aktive i idrett, politikk, gaming og religion. Tilboda er mange, og med sosiale medium er det mogleg å danne subkulturar på nett med ungdom frå heile verda.

Tenk over: Kva for subkulturar kjenner du til i dag? Er du sjølv med i ein subkultur?

Subkulturar har eit kulturuttrykk som gjerne er lett å parodiere. I denne sketsjen frå "Radioresepsjonen på TV" møter du ein gut som høyrer til EMO-kulturen. Før du ser klippet, skriv ned kva slags førestillingar du har om denne subkulturen.

Når du har sett filmen:

  • På kva for måte kjem det fram i filmen at EMO-kulturen er ein subkultur?
  • Korleis blir forholdet mellom generasjonane framstilt her?

Kjelder

Bjurström, Erling (1982) Generasjonsopprøret. Ungdomskulturer, ungdomsbevegelser og tenåringsmarked fra 50- og 80-årene. Oslo: Universitetsforlaget AS

Imsen, Gunn (2005). Elevens verden. Innføring i pedagogisk psykologi. Oslo: Universitetetsforlaget AS

McGilligan, Pat (Red) (1997) Backstory 2. Interviews with Screenwriters of the 1940s and 1950s Berkeley. Berkley, CA: University of California Press.

Punk. (n.d.) Henta 20.12.2018 fra https://no.wikipedia.org/wiki/Punk

Sekstiåtterne. (n.d.) Henta 20.12.2018 fra https://no.wikipedia.org/wiki/Sekstiåtterne

Læringsressursar

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Kulturmøte på film

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter