Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon mellom kulturarChevronRight
  4. Kva er interkulturell kommunikasjon?ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Har du opplevd å "trakke i salaten", å gjere kulturelle tabbar i møte med andre menneske? Kanskje gjorde eller sa du noko andre blei støtt av. Dei fleste tykkjer slike situasjonar er pinlege. Korleis kan du unngå desse?

To cosplayere som har kledd seg ut som Spiderman. Foto.

Vi kjenner ordet inter frå uttrykka internasjonal og interkommunal. Interkulturell kommunikasjon skulle då bety kommunikasjon mellom kulturar. Men kva slags kulturar er det vi snakkar om? Og kva må til for å kommunisere godt med nokon som har andre erfaringar og verdiar enn oss? Sjølv om det nesten er umogleg å ikkje trakke feil, finst det nokre råd som kan auke den interkulturelle kompetansen din.

Vi kan då definere interkulturell kommunikasjon som ein kommunikasjon mellom menneske med ulik kulturbakgrunn, eller meir presist:

"Interkulturell kommunikasjon er ein prosess som inneber utveksling og fortolking av teikn og meldingar mellom menneske som representerer ulike kulturelle fellesskap som er så forskjellige at deira tilskriving av meining blir påverka"[1]

I dette emnet skal du derfor lære meir om korleis kulturfilteret påverker kommunikasjonen, og kvifor det er viktig å kjenne andre sine kulturfilter. Det finst ulike måtar å nærme seg kommunikasjonen med ein annan kultur på. Vi skal sjå på fordelar og ulemper ved ei beskrivande eller ei dynamisk kulturforståing i interkulturell kommunikasjon.

  1. 1«Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon.». Øyvind Dahl. Gyldendal akademisk. 2001.

Læringsressursar

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Kulturmøte på film

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter