Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Internett endrar mediebiletetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Internett endrar mediebiletet

Internett og sosiale medium gir vanlege menneske høve til å ytre seg og kritisere dei som har makta i samfunnet. Men tradisjonelle medium set likevel ofte dagsordenen for debatten i sosiale medium.

Hallvard Moe om Internett og demokrati. Hallvard Moe er førsteamanuensis på Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han forskar på kva rolle media spelar for medverknad og demokrati.

Internett – eit demokratisk medium?

Det er ikkje lenger berre profesjonelle journalistar som lagar mediestoff og avgjer kven som får delta i offentleg debatt. Digitale medium har endra denne situasjonen. No kan kven som helst publisere, og mange gjer nettopp det.

Dei profesjonelle var suverene

Tidlegare gjekk mediekommunikasjon stort sett berre éin veg, nemleg frå dei profesjonelle medieprodusentane til mediebrukarane. Det var journalistar, filmskaparar, TV-produsentar og andre mediefolk som kunne lage medietekstar og distribuere dei til store skarar av mottakarar. Og desse hadde i svært liten grad høve til å “svare på tiltale”. Dei kunne sende eit lesarbrev til avisa og håpe å få det publisert. Elles var det så å seie umogleg å få gitt kommentarar og feedback. Det var dei profesjonelle medieprodusentane som “eigde” det offentlege rommet der nyheiter blei formidla, og der offentlege diskusjonar fann stad.

Amatørane kjem til orde

Når dei profesjonelle i praksis hadde monopol på denne måten, var det fordi medieproduksjon kravde dyrt utstyr, og fordi distribusjon berre var for dei som hadde lisens (radio og TV), og dei som hadde pengar til distribusjon (til trykking og utsending av aviser og blad). I dag er svært mykje annleis fordi produksjonsutstyret er billeg og innanfor rekkjevidd for dei aller fleste i rike land som Noreg. Kven som helst kan lage tekster, bilete, film eller lydfiler ved hjelp av datamaskina eller mobiltelefonen. Og har du nettilkopling, kan du publisere til heile verda.

Denne nye situasjonen endrar mediebiletet – både gradvis og i rykk og napp. Ein kjend skribent og føredragshaldar som stadig analyserer denne prosessen, er professor Clay Shirky. Han viser korleis mediebrukarar ikkje lenger berre er passive konsumentar på “kvar si tue”. Mediebrukarar finn saman på nettet, og dei lagar medieinnhald sjølve.

Portrett av Clay Shirky. Foto.
Professor Clay Shirky er oppteken av medieutvikling og samfunnsendringar.

Trassar makta

Borgarjournalistikk blir det kalla når vanlege folk opererer på journalistane sitt domene. Shirky understrekar korleis dette fenomenet får store politiske konsekvensar og endrar makttilhøve. Som eit døme viser han til den nyheitsformidlinga som gjekk føre seg då eit stort jordskjelv ramma Kina i 2008. Augevitne fotograferte og filma, og dei publiserte på nettet. Via sosiale medium nådde bileta ut til heile verda fortare enn kinesiske styresmakter klarte å sensurere dei.

Det gjorde òg den kritikken som kom. Fleire skulebygningar hadde rast saman, og mange mista borna sine. Foreldra skulda lokale styresmakter for å ha late seg bestikke av byggherrar som bygde billeg og braut sikringsforskrifter. Alt dette vart formidla til omverda trass i den strenge mediesensuren i Kina. Kinesiske styresmakter hadde ikkje vore klår over kva for ei kraft som kunne liggje i dei få sosiale media dei hadde tillate.

Men Shirky er også oppteken av dei negative sidene ved uredigerte ytringar i sosiale medium:

Clay Shirky om korleis vi bør møte ekstreme meiningar på nett

Den norske røyndomen

Det er ingen tvil om at dei digitale media har endra tilhøva for offentleg debatt. Men vi ser at gamle mønster heng igjen. Tradisjonelle medium set ofte dagsordenen for den offentlege debatten i sosiale medium, og dei som har status offline, har status online. Vi ser altså ei rekkje gamle mekanismar som ikkje blir oppheva av nye medium. Sjølv om alle kan kome til orde på nettet, er det ikkje alle som blir høyrt.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale