Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Analyser og vurder filmen Kony 2012ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Analyser og vurder filmen Kony 2012

Filmen Kony 2012 er laga av organisasjonen The Invisible Children. Med hjelp av ein omfattande aksjon i sosiale medium ønskjer initiativtakaren Jason Russel å mobilisere massane, slik at den ugandiske geriljaleiaren Joseph Kony blir teken til fange og stilt for retten innan utgangen av 2012.

Oppgåve 1

Analyser filmen Kony 2012

  1. Kva for sjanger tilhøyrer denne filmen?
  2. Kva for problemstilling er det denne filmen ønskjer å kaste lys over?
  3. Kva er bodskapen?
  4. Korleis er filmen bygd opp?
  5. I filmen møter vi to barn. Kva har desse to barna til felles? Kva er ulikt? Kvifor vel Jason Russel å la sin eigen son ha ei rolle i filmen?
  6. Kva for filmatiske verkemiddel er brukte i filmen?
  7. Enkelte har hevda at filmen er rein propaganda. Kva for trekk ved filmen byggjer opp under denne måten å sjå filmen på?
  8. Korleis er filmen blitt teken imot rundt om i verda?
  9. Kva for effekt trur du denne filmen vil ha?
  10. Trur du aksjonsgruppa vil nå målet sitt?

Oppgåve 2

Skriv ei filmmelding om filmen Kony 2012. Legg meldinga ut på bloggen din.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale