Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Sosiale medium – den femte statsmakta?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale medium – den femte statsmakta?

I det representative demokratiet blir makt utøvd av politikarar som er valde av folket. I aksjonsdemokratiet blir folkemassane mobiliserte til kamp for enkeltsaker. Sosiale medium er ein effektiv reiskap for dei som ønskjer å kjempe for slike saker.

Liten gutt med automatvåpen. Foto.
Aksjonen Kony 2012 sette fokus på bruk av barnesoldatar i Uganda

Den femte statsmakta?

Mens dei redaksjonelle media tidlegare var aleine om rolla som vaktbikkjer og "den fjerde statsmakta”, opplever vi no at folket sjølv bruker sosiale medium for å endre forhold i samfunnet. Informasjon spreier seg som eld i tørt gras via Twitter, massane mobiliserer på YouTube og mektige aksjonsgrupper oppstår over natta på Facebook, gjerne følgt av demonstrasjonar som blir dekte av dei etablerte media.

Forskar Petter Brandtzæg seier til Kulturnytt i NRK P2 at vi her ser starten på ei ny form for demokrati, aksjonsdemokratiet, der engasjementet er kopla til bestemte saker eller prosjekt. Ikkje uventa appellerer aksjonsdemokratiet sterkast til unge menneske. Det er meir uforpliktande enn vanleg politisk verksemd. Det er sentrert rundt enkeltsaker, og ofte basert vel så mykje på kjensler som på argument. Verkemidla i aksjonsdemokratiet er ofte sterke og "action"-prega. Ungdom lever store delar av livet sitt på nett. Derfor er det naturleg for dei å bruke sosiale medium som aksjonskanal. I Noreg har vi sett dette demonstrert i mobiliseringa til støtte for at russiskfødte Maria Amelie skulle få bli i Noreg.

Foredrag av Petter Bae Brandtzæg, SINTEF IKT: Kan sosiale medier redde verden? (powepoint)

Korleis fange ein krigsforbrytar?

6. mars 2012 publiserte ein organisasjon som kallar seg The Invisible Children videoen KONY 2012 på YouTube som viser korleis Joseph Kony, leiar for geriljabevegelsen Herrens motstandsarmé (LRA), i årevis terroriserte 30 000 barn i Uganda. Kony er ettersøkt for krigsbrotsverk av Den internasjonale strafferettsdomstolen, men er enno ikkje teken til fange.

Organisasjonen The Invisible Children starta som ei grasrotrørsle, men har i dag over hundre tilsette. Ved hjelp av ein omfattende aksjon i sosiale medium ønskjer initiativtakaren Jason Russel å mobilisere massane, slik at Kony blir teken til fange og stilt for retten innan utgangen av 2012.

Kjende artistar som Rihanna støttar aksjonen. I løpet av tre dagar lasta over 100 millionar menneske over heile verda ned videoen. På Twitter og Facebook blir folk oppfordra til å hengje opp plakatar på eigen heimstad natt til 21. april, og til å donere pengar til organisasjonen.

Sterke verkemiddel

Ifølgje kommunikasjonsekspert Kjell Terje Ringdal speler Kony 2012-aksjonen på velkjende verkemiddel: Han knyter seg nær opp til populærkulturen, han personifiserer bodskapen, og han nyttar velkjende propagandaknep. Men dette er neppe hovudårsaka til at vi lèt oss rive med. Historia om barnesoldatane i Herrens motstandsarmé er ein av dei mest groteske hendingane i samtida.

Mange hevdar at Kony 2012 er rein propaganda, og at informasjonen er einsidig. Organisasjonen The Invisible Children støttar den sitjande regjeringa i Uganda, som sjølv blir skulda for drap på uskuldige menneske. Nokre meiner bodskapen er kulturimperialistisk. Nok ein gong er det ”den kvite mann” som må på banen for å redde lidande menneske i Afrika. Ei slik haldning kan opne for amerikansk militær intervenering.

Kony 2012

0:00
Medievitar Jens Barland, UIO, i Kulturnytt, NRK P2 09.03 2012 om Kony-aksjonen

Aksjonsmakt kan misbrukast

Dei sosiale media er ikkje underlagde redaksjonell kontroll. Det gir menneske som lever i eit diktatur, høve til å ytre seg. Men samtidig er det ein arena der personar som ønskjer å spreie propaganda og mobilisere massane til angrep på andre folkegrupper eller politiske system, har fritt spelerom.

Eit eksempel er WikiLeaks som under Julian Assanges leiing forsøkte å endre maktstrukturane i verdspolitikken ved å lekkje hemmelegstempla informasjon. I 2018 meinte FBI å kunne påvise at Russland hadde betalt personar for å bruke sosiale medium til å påverke den amerikanske valkampen i 2016.

I nokre samanhengar kan sosiale medium fungere som ein offentleg gapestokk der dei som blir uthengde, ikkje har høve til å forsvare seg. Anonymitet i Google-tida

Både i USA og Europa er det krefter som no tek til orde for at myndigheitene bør ta kontroll over nettet, for å hindre bruken av bevisst feilinformasjon eller det som har med angrep på enkeltpersonar og myndigheiter å gjere. Forslaga er møtte med kraftige protestar. Mange hevdar at vi treng frie og uavhengige sosiale medium som vaktbikkjer på lik linje med dei etablerte.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale