Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Når aksjonsmakt blir mediemaktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Når aksjonsmakt blir mediemakt

Aksjonsgrupper er avhengige av å få media på si side for å oppnå det dei ønskjer. Journalistar skal opptre uavhengig og ikkje la seg utnytte av pressgrupper. Samtidig skal dei avdekkje maktovergrep.

Kraftlinene i Hardanger

I 2012 bygde Statkraft ei 92,3 kilometer lang kraftline i luftspenn i Hardanger. Kraftlina går frå Sima kraftverk i Eidfjord til Samnanger transformatorstasjon i Samnanger.

Lokalbefolkninga i Indre Hardangervar kritiske til straumleidningar i luftspenn i dette området. Dei meinte inngrepet i naturen blei for stort. Difor blei aksjonsgruppa ”Hardangeraksjonen” danna i 2010. I løpet av kort tid klarte dei å få draghjelp frå nesten alle riksdekkjande medium. Kampen mot ”monstermastene” er difor eit godt eksempel på kva som skjer når aksjonsmakt og mediemakt smeltar saman.

David mot Goliat

Nyheita om den planlagde traseen sprakk sommaren 2010, midt i det nyheitsmedia kallar ”agurktida”. Saka inneheld alle dei elementa som skal til i ei god nyheitssak. Konfliktlinene er tydelege og sterke. Det handlar om ”den vesle mannen” sin kamp mot statlege overgrep, og kampen mellom periferi og sentrum. Saka er altså ein versjon av den gamle historia om David og Goliat, og glir rett inn i den oppfatninga norske medium har av sitt eige samfunnsansvar: å vere talerør for dei svake i samfunnet og ein kritisk korreksjon til statsmakta.

1.4. Det er pressens rett å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. Det er pressens plikt å sette et kritisk søkelys på hvordan mediene selv fyller sin samfunnsrolle.

1.5. Det er pressens oppgave å beskytte enkeltmennesker og grupper mot overgrep eller forsømmelser fra offentlige myndigheter og institusjoner, private foretak eller andre.
(Kjelde: Ver Varsam-plakaten)

Monstermaster eller kraftmaster?

Eit av dei viktigaste verkemidla i denne aksjonen var omgrepet ”monstermast” som aksjonistane, og etter kvart media, brukte når dei omtalte dei planlagde kraftmastene. Omgrepet ”monstermast” blei etter kvart følgt opp med grafikk som viste korleis mastene ville ta seg ut i miljøet. Kombinasjonen av språklege konnotasjonar og manipulerte bilete var i stor grad med på å forme oppfatninga til folk flest.

Enorme kraftmaster tegnet inn i et foto av uberørt natur. Manipulert foto.
Illustrasjon som viser korleis "monstermastene" kunne komme til å sjå ut

Slike verkemiddel er vanlege i propaganda. Eit kjent eksempel er president Bush sin bruk av omgrepet ”krigen mot terror” og såkalla ”biletbevis” på eksisterande atomvåpenlager før USA invaderte Irak. Amerikanske medium brukte desse bileta ukritisk i nyheitsdekninga si. I etterkant har det vist seg at biletbevisa var eit falsum. I dag kan despotar, som avdøde president Gadaffi, rettferdiggjere aksjonar mot opposisjonsgrupper i eige land ved å definere dei som ”terroristar”.

Objektivitet i media

Ver Varsam-plakaten legg vekt på at media skal vere objektive. Dei skal gje att fakta korrekt, sørgje for at ulike synspunkt i ei sak kjem fram og ikkje la seg påverke av bestemte personar eller grupperingar.

2.2. Den enkelte redaksjon og den enkelte medarbeider må verne om sin integritet og troverdighet for å kunne opptre fritt og uavhengig i forhold til personer eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunner vil øve innflytelse på det redaksjonelle innhold.
(Kjelde: Ver Varsam-plakaten)

Det er likevel mange eksempel på at ulike pressgrupper har klart å mobilisere media på si side i ei sak. Mange bedrifter og organisasjonar har tilsett eigne medierådgivarar nettopp for å oppnå positiv medieomtale. Det er også ein tendens til at juristar medvite brukar media til å fremje klienten sine interesser lenge før ei sak kjem opp i retten.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale