Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Media har definisjonsmaktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Media har definisjonsmakt

Definisjonsmakt tyder å ha makt til å påverke korleis folk oppfattar eit fenomen, og kva for meiningar dei utviklar. Media er viktige aktørar når det gjelder sosialisering og meiningsdanning.

Unge kvinner i Noreg lèt seg påverke av TV-seriar som Sex og singelliv

Mediepåverknad og sosialisering

Familie, skule og media er dei tre viktigaste faktorane i sosialiseringsprosessen i eit moderne samfunn. Sosialisering tyder at vi lærer å tenkje og oppføre oss i tråd med dei sosiale normene som gjeld i samfunnet. Media overfører kunnskap frå ein generasjon til ein annan, men dei er også med å formidle ny kunnskap og setje fokus på bestemte område. Media speler derfor ei viktig rolle for korleis meiningar blir danna i eit samfunn. Denne makta kallar vi definisjonsmakt.

I ein valkamp er dei fleste av oss klar over at politikarane som uttaler seg i media, prøver å forme meiningane våre i ei bestemt retning. Vi er kanskje ikkje like medvitne om at vi utset oss for same meiningspåverknad når vi ser Dagsrevyen, Farmen eller TParadise Hotel? Populære amerikanske TV-seriar som Vener for livet og Sex og singelliv sette standarden for samlivsetikk over heile kloden, ofte på tvers av dei sosiale normene som blir formidla av foreldre og religiøse autoritetar.

Media definerer kjønnsroller

Media er med på å forme den oppfatninga vi har av kvinne- og mannsrolla i samfunnet. Det er lett å sjå dette i reklamen. Men TV 2 var også med på å endre kjønnsrollemønsteret i Noreg då dei i mai 2011 for første gongen slapp til ei ung kvinne som fotballanalytikar etter tippeligakampane ein søndagskveld. Då vêrtenesta storm.no kom på skjermen i TV 2-nyheitene, blei meteorologi over natta eit attraktivt utdanningsval for jenter. Mannlege meisterkokkar på TV har fått mange unge menn til å ta på seg forkleet og gje seg i kast med ulike gourmetrettar.

Kven slepp til i media?

Media blir av og til skulda for å presentere eit bilete av samfunnet som harmonerer med det som fleirtallet definerer som "rette" meiningar, og for at det berre er ei lita gruppe menneske, den såkalla eliten, som slepp til med meiningane sine. Men ofte går dei same ”ekspertane” eller ”synsarane” igjen i alle kanalar, rett og slett fordi dei har medietekke og lever opp til dei krava som media stiller til formidlingsevne og underhaldningsverdi.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale