Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Kva er makt?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er makt?

Den som har makt, kan få folk til å gjere noko dei elles ikkje ville ha gjort. Ein kan utøve makt i form av viljemakt, definisjonsmakt eller strukturmakt.

En gigantisk mann troner over en liten mann. Illustrasjon.

Kva er makt?

Dei fleste av oss har ei oppfatning av kva vi meiner når vi seier at nokon har makt. Stortinget har makt fordi dei lagar dei lovene som gjeld i Noreg. Rektor har makt fordi ho kan utvise ein elev som har brote regelverket på skulen. Den kulaste i gjengen har makt til å definere kva som er «in» akkurat no.

Men når vi bruker ordet makt i fagleg samanheng, må vi vere tydelege på kva vi legg i omgrepet.

Store norske leksikon definerer makt slik:

– å ha evne til å utøve visse former for sosial innflytelse (potensiell makt) og det å utøve slik innflytelse (aktuell makt). Uttrykket viser altså til et asymmetrisk forhold: noen har makt over andre; noen agerer, andre reagerer.

Ein enklare definisjon på makt er å få nokon til å gjere noko dei elles ikkje ville ha gjort. Det kan vi få til gjennom å truge med negative sanksjonar dersom ein person ikkje gjer det vi ønskjer. Men vi kan også påverke ein person dersom vi lønner positiv åtferd.

Mediemakt

Viljemakt

Mediemakt kjem til uttrykk på fleire måtar. Ei avis kan setje seg som mål å fokusere på tilhøva i eldreomsorga. Avisa lagar ein reportasje om ein gammal og sjuk mann som blir sendt heim til eit kaldt husvære utan tilsyn. Samtidig skriv redaktøren ein leiar om mangel på sjukeheimsplassar. Føremålet er då å setje saka på den politiske dagsordenen. Resultatet kan bli at politikarane vedtek å byggje ein ny sjukeheim. Ei slik utøving av makt kallar vi viljemakt.

Definisjonsmakt

Media har også definisjonsmakt. Media set dagsorden for kva vi er opptekne av, anten det er fotballkampen i går eller den siste utviklinga i Midtausten.

Forsiden til papirutgaven av VG med et bilde av USAs president Donald Trump med hitlerbart. Foto.
Framsida til papirutgåva av VG med eit bilete av USA sin president Donald Trump der ein kan tolke tittelen som ein Hitler-bart. Korleis formar VG synet vårt på den amerikanske presidenten når dei vel å utforme framsida slik?

Gjennom faktatekstar og fiksjonstekstar får vi teikna opp eit bilete av korleis menneska lever liva sine, og kva for verdiar som gjeld. Når media omtaler menneske som tilhøyrer ulike kulturar og religionar, på ein bestemt måte, er det med på å forme det biletet vi har av dei, særleg dersom vi ikkje har kjennskap til desse miljøa ut frå eigen erfaring.

Strukturmakt

Dei som eig mediebedrifter og distribusjonskanalar, har også makt. Dei som eig ein kommersiell TV-kanal, kan for eksempel bestemme kor stor del av sendeflata dei vil bruke til nyheitsformidling og kor mykje tid dei vil bruke til underhaldning. Distributørane bestemmer kven som skal få tilgang til innhald på nettet som krev breiband. Slik makt kallar vi strukturmakt.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale