Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Media som maktaktørarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Media som maktaktørar

Media skal avsløre maktmisbruk og stille makthavarane til ansvar. Men media har også makt sjølve. Dei kan setje dagsorden og bestemme kven som slepp til i media.

Portrett av Martin Eide. Foto.
Martin Eide er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han peikar på tre tilhøve som gjer media til maktaktørar.

Media blir ofte kalla for vaktbikkja til demokratiet. Men journalistar og redaktørar klarar ikkje alltid å leve opp til desse ideala, for dei blir ofte utsette for ulike typar press. Presset kjem både innanfrå og utanfrå. Journalistane er sjølve ein del av maktapparatet. Minst like ofte som dei tek på seg referentrolla, er journalistane aktørar med eigne agendaer.

Avsløringsidealet

– Avsløringsidealet står sterkt i pressa. Journalistar jobbar for å avsløre maktmisbruk og stille dei mektige til ansvar. Slik vil dei vere ein reiskap for den vanlege mann og kvinne. Dette er vel og bra i passelege dosar, men det kan gje journalistar eit ganske oppblåst sjølvbilete, seier professor Eide, som er medieforskar ved Universitetet i Bergen. Han meiner dette kan vere problematisk i og med at media har stor makt.

– Avsløringar gjev prestisje. Difor blir det lett til at småsaker blir blåste opp og får alt for mykje av merksemda vår. Ein statsråd som har rota med nokre kvitteringar eller gløymt å melde om ei mindre inntekt, blir hengd ut som ein forbrytar. Underforstått har ein avslørt ein utruskap som sikkert òg gjeld i jobben som politikar. Kanskje er det ikkje slik det heng saman, kanskje kan ein vere ein god og heiderleg politikar, men likevel kome i skade for å gjere feil privat.

Eksempel: Støre får kritikk for vennetjeneste

Journalistisk logikk

– Journalistar har stor makt fordi dei rår over ”den journalistiske logikken”. Mellom anna inneber den at ein kan forstå verda gjennom einskildpersonar og sterke kjensler. Eide siktar her til at media ofte gjev sakene sine ei personvinkling og brukar einskildpersonar som utgangspunkt når dei tek opp ulike tema og problem. Slik blir alt vinkla, frå svoltkatastrofar til endringar i statsbudsjettet.

– Dette er ikkje alltid nok til å kaste skikkeleg lys over ei sak. Av og til må det analysar til, men slike ser vi mindre av, meiner Eide. – Den journalistiske logikken er god til noko, men ikkje til alt.

Bli med inn i VG-redaksjonen og sjå korleis dei dekte valkampen i 2009. Prioritering og vinkling har neppe endra seg vesentleg sidan den gong.

Krav til inntening

Dei fleste media i dag har kommersielle eigarar. Her er vi ved ei anna utfordring som møter media no, nemleg kravet til inntening.

– For å få mediedrifta til å gå i balanse – og helst med overskot – må det knipast inn på utgiftene, noko som den siste tida har ført til nedbemanning i media. Samstundes veit vi at god journalistikk kostar pengar. Gravande journalistikk er spesielt tidkrevjande og ”dyr i drift”. Samstundes er denne forma for journalistikk spesielt viktig for samfunnet og demokratiet, forklarar professoren.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale