Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Ytringsfridom – ein menneskerett ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ytringsfridom – ein menneskerett

Ytringsfridomen er både ein fundamental menneskerett i seg sjølv og viktig som middel for å verne og fremje andre menneskerettar.

Siri Gloppen leiar Raftopriskomiteen. Til dagleg er ho forskingsleiar på CMI (Chr. Michelsen Institute) og professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. I denne artikkelen ser ho nærare på tilhøvet mellom ytringsfridom og menneskerettar.

Å kunne uttrykkje seg fritt er eit djupt menneskeleg behov og viktig for at vi skal kunne utvikle oss som individ og som samfunn, i fellesskap med andre. Ytringsfridomen er ein viktig føresetnad for menneskeverd og sjølvrespekt, og når ytringsfridomen blir undertrykt, misser vi òg høvet til å utvikle samfunnet vårt på ein god måte.

Kor viktig ytringsfridomen er, ser vi tydeleg på stader der han manglar – som til dømes i dagens Nord-Korea, der både ytringsfridom og all informasjon er strengt kontrollert.

Ytringsfridom er ein føresetnad for demokrati. Eit demokratisk styresett inneber at folk er aktive deltakarar, og at meiningar blir forma, uttrykte, diskuterte og utvikla. På denne måten kan ein kome fram til betre politiske løysingar, og ein kan stille til ansvar dei som sit med makt i samfunnet. Ein kan hindre at dei misbrukar makta, og påtale og straffe dersom det likevel skjer. Ytringsfridom og rett til å protestere mot misbruk av makt er naudsynt for demokratiet og høyrer til dei grunnleggjande menneskerettane.

Kanalar

Raftostiftinga nyttar mange kanalar i arbeidet sitt med å fremje ytringsfridom og menneskerettar, både etablerte medium som aviser og TV, nye medium og direkte kontakt. Det er viktig for Raftostiftinga å nå ut til allmenta, ikkje minst til unge menneske som skal vere med på å forme samfunnet vårt framover. Det er òg viktig å nå dei som har makt til å påverke og ta avgjerder i samfunnet i dag. Her er dei tradisjonelle media viktige – men òg krevjande. Det er stor konkurranse om plassen, og mange som har viktige og aktuelle saker på hjartet. For å nå gjennom er det viktig å bli oppfatta som ein truverdig avsendar.

Raftoprisen, som har vore delt ut sidan 1987, har fått stor merksemd internasjonalt. Prisen har fleire gonger gått til menneske og organisasjonar som seinare har markert seg sterkt for arbeidet med menneskerettar i verdssamfunnet. Vi freistar å vere pådrivarar i arbeidet for menneskerettar ved å løfte fram menneske som gjer eit modig arbeid for menneskerettar, men som ikkje får den merksemda av verdssamfunnet som kampen deira fortener. Dette har gjort at vi fleire gonger har vore tidleg ute med å setje fokus på modige menneske og viktig arbeid.

Eit kjent tilfelle er fredsprisvinnaren Aung San Suu Kyi i Burma, som fekk Raftoprisen allereie i 1990. I 2009 gjekk prisen til journalisten Malahat Nasibova frå Aserbajdsjan. Ho er ein modig forkjempar nettopp for ytringsfridom og frie og uavhengige medium i eit område der desse står svakt. Ei rekkje av prisvinnarane har måtta kjempe for å nå fram med det dei vil seie, og fleire har risikert liv og helse i kampen.

Sosiale medium

Som organisasjon arbeider Raftostiftinga på mange plan for å nå fram med informasjon, og ein har teke i bruk sosiale medium, både som ei kjelde til informasjon om menneskerettar og for raskare kontakt med mellom anna media. Stiftinga er for lengst til stades både på Facebook, Twitter og LinkedIn.

Som kjelde er dei sosiale media blitt viktigare, dei kan vere ein styrke for ytringsfridomen fordi dei opnar for ny kontakt og meir open dialog, òg med grasrotsamfunnet og unge menneske. Nye medium – og Internett – kan raskt bringe vidare nyhende om overgrep, konfliktar og brot på menneskerettane, og desse kanalane er vanskelege å kontrollere. Vi har sett døme på at nye media har medverka til store politiske omveltingar, fordi dei er hurtige og i utgangspunktet ikkje blir kontrollerte av undertrykkjande makthavarar. Diverre ser vi òg døme på sensur eller nedstenging, til dømes av Internett og mobilnett. At dette skjer er i seg sjølv eit teikn på kor viktige dei nye media og frie kommunikasjonskanalar er for politisk utvikling og demokrati.

Misbruk

Men ytringsfridom kan òg misbrukast. Vi er vel alle klare over at Internett og sosiale medium kan misbrukast og vere reiskapar for kriminalitet, undertrykkjing og propaganda. Ein må heile tida vere varsam med kva ein legg ut og formidlar, og vere kritisk til det ein les.

Men dette gjeld ikkje berre nye medium. Alle former for ytringar og utsegner kan skade og skape konflikt, både tilsikta og utilsikta. Nokre former for ytringar – til dømes dei som oppfordrar til rasistisk vald – må difor avgrensast for å verne andre menneskerettar, eller ytringsfridomen sjølv. Samstundes er det viktig å hugse at ytringsfridomen er ein fundamental rett, og at det difor må vere særs sterke grunnar for å avgrense han. Denne balansen er ein av dei viktige utfordringane demokratiet har.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale