Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Grenser for ytringsfridomChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Grenser for ytringsfridom

Terroråtaket på satiremagasinet Charlie Hebdo og karikaturteikningar av profeten Muhammed har aktualisert debatten om kor grensene for ytringsfridom går. Er ytringsfridom det same som rett til å trakke på det som er heilagt for andre?

Oppgåve: Rollespeldebatt om grenser for ytringsfridom

  • Lytt til videointervjuet med generalsekretær i Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold og avisteiknaren Finn Graf (NRK Dagsrevyen 2006). Her kommenterer dei protestane i kjølvatnet av at Jyllands-Posten det året publiserte karikaturteikninger av profeten Muhammed.
  • Les kronikken om grenser for ytringsfridom i Aftenposten: Ytringsfrihet uten ansvar?
  • Lag eit rollespel som er organisert på same måte som eit debattprogram på TV.

Roller:

  • tre "fagpersonar" (redaktør, imam, religionsvitar) (paneldeltakarar)
  • tre "politikarar" (for eksempel frå Ap, KrF og FrP) (paneldeltakarar)
  • eventuelt tre personar som representerer "folkets røyst" (ein ungdom med muslimsk bakgrunn, ein ungdom med ikkje-muslimsk bakgrunn, ein pensjonist) (som vert intervjua blant publikum)
  • 1 "programleiar"
  • eventuelt to fotografar og ein lys- og lydansvarleg dersom de vel å filme debatten

Resten av klassen kan stille spørsmål til paneldeltakarane.

Framgangsmåte:

1. time: Førebuing

Sjå innslaget frå Dagsrevyen og les kronikken i Aftenposten. Bruk gjerne også fleire kjelder til å førebu argumentasjonen til rollefiguren din. Skriv ned stikkord som du kan bruke i innlegget ditt, eller dei spørsmåla du vil stille til panelet.

Programleiaren bør snakke med paneldeltakarane på førehand og avklare kor lang tid kvar paneldeltakar kan bruke på innlegg, og planleggje tida slik at alle partar kjem til orde.

2. time: Rollespel

Gjennomfør debatten i klassen.

Dersom de vel å filme debatten, bør eitt kamera vere retta mot den som til kvar tid har ordet. Det andre kameraet bør fange opp reaksjonar hos andre paneldeltakarar eller hos publikum.

Hugs at debatten skal vere seriøs og sakleg, og at du skal lytte til og vise respekt for synspunkta til dei andre. Innlegga bør vere korte og argumentasjonen gjennomtenkt.

Heimelekse: Etterarbeid (1 time)

  • Skriv eit refleksjonsnotat der du referer ulike synspunkt i debatten. Vurder om argumenta held, i lys av det du veit om menneskerettar, ytringsfridom og trykkjefridom i Noreg.
  • Lag ei kort TV-melding av debatten ut frå dei forventningane du har til dette programformatet.
  • Dersom de har valt å filme debatten, bør ei gruppe få i oppgåve å redigere opptaket og dele videofila på klassen sin LMS.

Tips til eigenvurdering

  • Brukte du førebuingstida effektivt?
  • Var du aktiv i rollespelet?
  • Lytta du til argumenta frå dei andre?
  • Hadde du nok fagleg innsikt til å få fram synspunkta til rollefiguren din på ein overtydande måte?
  • Har du fått med alle viktige argument i refleksjonsnotatet?
  • Har du sjekka om innhaldet i TV-meldinga di er i tråd med det som er vanleg for denne sjangeren?

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale