Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Journalistikken si framstillingsmaktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Journalistikken si framstillingsmakt

Journalistikken formidlar ikkje eit nøytralt bilete av verda. Det vi ser, høyrer og les er ein versjon av verdshendingane som er filtrert gjennom det redaksjonelle medarbeidarar meiner er viktig og korrekt informasjon.

Den svenske professoren Hans Rosling er kritisk til at media berre fokuserer på konfliktar og elende og unnlèt å fortelje om alt det positive som skjer rundt om i verda.

Nyheiter blir valde ut etter bestemte kriterium

Nyheitskriterium er eit verktøy for praktisk journalistikk. Men nyheitskriteria gir oss på same tid ei forståing av korleis enkelte saker blir prioriterte framfor andre saker. Nyheiter som har sterke element av aktualitet, konflikt og nærleik, og som handlar om elitepersonar eller elitenasjonar, har større moglegheit for å få journalistisk omtale enn saker som ikkje oppfyller desse kriteria.

På same måten vil saker som handlar om einskildpersonar og mykje kjensler, og som handlar om den vesle mannen sin kamp mot systemet, ha større moglegheit for å bli omtala enn saker som ikkje har desse elementa.

Media har framstillingsmakt

Makta til å framstille verda på denne typisk journalistiske måten, kallar vi for journalistikken si framstillingsmakt. Som lyttarar, sjåarar og lesarar må vi alltid vurdere kritisk den informasjonen vi får gjennom journalistikken. Kvifor har journalisten valt akkurat denne vinklinga? Kunne journalisten ha intervjua andre kjelder som hadde andre opplysningar? Kva er utelate i saka slik ho blir framstilt?

Hugs at journalistikken si framstilling av verda ikkje er dekkjande for alt som skjer rundt oss. Derfor må vi, i tillegg til tradisjonelle medium, bruke andre kjelder for å få innsikt i korleis verda faktisk er.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale