Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Kven har mediemakt i dag?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kven har mediemakt i dag?

Internett har gjort det lettare for kvar og ein å publisere både informasjon og meiningar. Her og no kan du leggje ut ein tweet eller ein Facebook-status som potensielt kan nå tusenvis av menneske på kort tid.

Elever i klasserom som snakker sammen. Foto.

Slik sett kan vi seie at dei store medieaktørane har mista noko av makta si. På same tid bruker dei fleste av oss framleis kanalane til dei store mediehusa til både nyheiter, underhaldning og debatt.

Diskuter med ein annan elev i klassen:

  • Kor mykje makt, og kva type makt, vil de seie at dei store mediehusa framleis har?
  • På kva område har mediehusa mista makt?
  • Kva for kjelder meiner de har stor makt, og kvifor har dei stor makt?
  • Er sosiale medium ein arena for folk flest, eller er det den politiske eliten som i første rekkje dominerer den offentlege debatten også i denne typen medium?

Bruk fagomgrep når de diskuterer, og finn både for- og motargument til påstandane dykkar.

Del synspunkta dykkar med resten av klassen på Twitter eller i ei lukka Facebook-gruppe.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale