Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Kva tankar gjer du deg om omgrepet makt?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva tankar gjer du deg om omgrepet makt?

Du har sikkert høyrt ordet makt mange gonger. Men har du nokon gong verkeleg grubla over kva det å ha makt eigentleg vil seie?

Mange mennesker danner tilsammen siluetten av en mann med kraftige muskler. Foto.
Medium, politikarar og statsleiarar har mykje makt. Men mange menneske som kjempar for det same, har også mykje makt, anten vi opptrer som medlemmer av ein organisasjon, som forbrukarar eller som aksjonistar.

Diskuter omgrepet makt med ein medelev:

  • Kva vil det seie å ha makt?
  • Korleis kan makt brukast?
  • Kva type makt ser du eller opplever du i kvardagen? Heime, på skulen, i samfunnet?
  • Kva er ein god måte å utøve makt på?
  • Kva er dårleg utøving av makt?

Dersom du synest det medeleven din seier, ikkje er tydeleg nok, så be han eller henne utdjupe og forklare meiningane sine. Våg også å stille kritiske spørsmål til kvarandre. Det lærer begge mykje av.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale