Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Korleis kan du motarbeide falske nyheiter?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis kan du motarbeide falske nyheiter?

Styresmakter, organisasjonar og ulike grupperingar kan setje inn tiltak for å avgrense spreiing av falske nyheiter. Men det aller viktigaste er korleis du og vennene dine tek tak i dette problemet.

person i profil med lang nese der ordet news er skrevet. Manipulert foto.

Kva kan DU gjere?

Sosiale medium gjer det enkelt å produsere og spreie gale og misvisande nyheiter fordi vi alle har høve til å publisere. Du stoler ofte på vennene dine, men det er ikkje sikkert at alt dei deler med deg på Facebook, er sant. I ytste konsekvens kan du risikere å bli meld til politiet om du deler falske nyheiter.

Det er ikkje alltid lett å sjå forskjell på falske og ekte nyheiter. Nettidsskriftet journalisten.no har nokre tips til korleis du kan sjekke om noko er sant:

  • Gjer søk
    Dersom nyheita er publisert av ein nyheitsorganisasjon, kan du søkje denne opp i Whois. Der får du opp registreringsinformasjon om nettstaden. Dersom du skriv nyheitsorganisasjonen sitt namn i «hermeteikn», vil du kunne sjå om han er omtalt i andre artiklar og på andre nettstader. Det kan hjelpe deg med å fastslå om han er truverdig.
  • Kven er det eigentleg som seier dette?
    Om ei sak ikkje har nokon opne kjelder, er det all grunn til å vere på vakt. Det same gjeld om saka viser til «talspersonar» som ikkje blir identifiserte nærmare, eller om ein ikkje kjenner kjeldene frå før endå det gjeld eit nyheitsområde som er breitt dekt. Nyheitssaker der kjelder berre har fornamn, er ikkje noko godt teikn.
  • Sjekk kommentarfeltet
    Ofte kommenterer lesarar om dei oppfattar nyheita som falsk. Dette kan vere med å gi ein peikepinn.
  • Les «About»-sida
    15. februar 2017 publiserte NRK ei nettsak om at den amerikanske presidenten Donald Trump mangla tillit til sikkerheitsrådgivar Michael Flynn. Nedst i saka siterte allmennkringkastaren Flynn frå ein Twitter-konto med hans namn. Hadde NRK sjekka «About»-sida til Twitter-kontoen dei siterte Michael Flynn frå, hadde dei med ein gong sett at det var ein parodi-konto. NRK var raskt ute og retta opp feilen og beklaga det heile.
  • Kva sluttar nettadressen på?
    Om nettadressen til nettstaden sluttar med noko anna enn det vanlege .com eller med endinga for det aktuelle landet, som .no, kan det vere grunn til å sjekke nøyare. ABCnews.com.co er eit eksempel på ein nettstad som forsøkjer å utnytte autoriteten til ABC News, men som i verkelegheita er noko heilt anna.
  • Stemmer tittelen?
    Nokre gonger held det å lese gjennom saka. Då oppdagar du kanskje at det ikkje står noko i teksten som er i tråd med den oppsiktsvekkjande tittelen som blir vist på Facebook.
  • Bruk faktasjekkarar
    Det finst nettstader som faktasjekkar for deg. Eksempel på slike tenester er snopes.com, politifact.com, truthorfiction.com, factcheck.org, metro.se/viralgranskaren og faktisk.no (kjem før sommaren 2017). Nokre nettlesarar har eit innebygd verktøy for faktasjekk. Facebook lanserte i mars 2017 eit verktøy som åtvarar mot omstridt innhald (disputed content). Google har nyleg annonsert at dei endrar sin algoritme for å luke ut falske nyheiter og upassande innhald. I tillegg skal du få fleire moglegheiter til å rapportere upassande innhald. 100 frivillige internasjonale akademikarar har gått saman om å starte «Fake News Challenge». Dei har som mål å utvikle verktøy som gjer det mogleg for deg og meg og journalistar å raskt samle alle sider av ei sak.
  • Ver Varsam-plakaten
    Dei seriøse norske nyheitsnettstadene følgjer Ver Varsam-plakaten. Står det nedst på nettsida at han blir følgd, kan du stole på innhaldet, for i Ver Varsam-plakaten heiter det blant anna at pressa skal vere kritisk i val av kjelder og kontrollere at opplysningar som blir gitte, er korrekte.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale