Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Konsekvensar av falske nyheiterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konsekvensar av falske nyheiter

Falske nyheiter kan få paranoide personar til å gjere alvorleg kriminalitet. Men endå meir alvorleg er det når store grupper i samfunnet mister tilliten til den informasjonen media gir. Då er demokratiet i fare.

Mann med hendene over hodet overgir seg til politiet. Foto.
Edgar Maddison Welch overgir seg til politiet etter å ha aksjonert mot ein restaurant som var skulda for å huse eit pedofilt nettverk.

«Pizza-gate»

I desember 2016 gjekk Edgar M. Welch inn på pizzarestauranten Comet Ping Pong i Washington D.C., retta geværet mot ein av dei tilsette og fyrte av fleire skot med ei AR-15-rifle. Heldigvis vart ingen skada. Bakgrunnen for angrepet var ein konspirasjonsteori som hadde spreidd seg på Internett om at det var organisert eit pedofilnettverk i kjellaren på pizza-restauranten. Welch ønskte å komme til botnen i konspirasjonen og drog over 500 km for å redde barna. I 45 minuttar gjennomsøkte han restauranten, utan å finne noko. Deretter kom han ut med hendene over hovudet. Konspirasjonen var usann, og Welch har seinare erkjend seg skuldig.

Dette er eit eksempel på kva for katastrofale konsekvensar falske nyheiter kan få. Heldigvis er dei fleste av oss i stand til å skilje mellom ekte og falske nyheiter.

Media er avhengige av tillit

Media rotar det til for seg sjølve. Kulturkommentator Agnes Moxnes meiner norske medium må slutte å snakke til folket og heller snakke med dei.

Generelt er tilliten til offentlege institusjonar høg i Noreg. Tillit gjer det enklare å samarbeide og utføre felles oppgåver i eit samfunn. Men tilliten til media er svekt. I Noreg har vi tillit til at media handterer ytringsfridomen på ein god måte. Men ifølgje ei undersøking har ein av tre liten eller ingen tillit til korleis media set søkjelys på eiga rolle. Unge menneske er mest skeptiske. Tilliten aukar med alderen.

Dei tradisjonelle media, som blant anna NRK, Aftenposten, VG og Dagbladet, møter ein auka konkurranse frå alternative medium. Ei undersøking som nyheitsbyrået Reuter gjorde i 2016, viser at 46 % av oss nordmenn stoler «stort sett» på nyheiter, og tilliten til journalistar ligg på berre 32 %. Det kan føre til at vi søkjer til alternative nyheitskjelder. Redaktør Brooke Binkowski i faktasjekknettstaden Snopes.com hevdar at falske nyheiter aukar fordi vi ikkje lenger stoler på media.

Til ettertanke

Kor stor tillit har du til at media set søkjelys på si eiga samfunnsrolle?

Kva kan vere årsaka til at yngre har lågare tillit til media enn andre aldersgrupper?

Årsaker og tiltak

Kva kan så vere årsakene til desse tillitsproblema? Brandtzæg peiker på følgjande årsaker:

  • sviktande inntekter og knappe ressursar i nyheitsmedia
  • faktasjekking og kritisk journalistikk blir nedprioriterte
  • aukande behov for å publisere sensasjonsprega nyheiter fordi høge tal på klikk og visingar er viktige mål på suksess

Kan media gjere noko for å auke tilliten? Seniorforskar Petter Bae Brandtzæg ved SINTEF meiner at media kan vere meir opne og etterrettelege om korleis dei jobbar, blant anna ved å fortelje deg som mottakar om kva og korleis dei faktasjekkar. På den måten hever media kvaliteten på journalistikken. Slik kan du betre forstå kva for val nyheitsmedia gjer.

Falske nyheiter, ytringsfridom og demokrati

Journalistane si oppgåve er å tolke verda rundt oss på vegner av oss alle. Dersom vi mister tilliten til at dei gjer det på ein god nok måte, er dette bekymringsfullt for demokratiet. Eit moderne og opplyst folkestyre er heilt avhengig av at det har mangfaldig og sannferdig tilgang på nyheiter og annan informasjon. Mistilliten til media er størst blant veljarane på høgresida i norsk politikk og dei som er mest innvandringskritiske.

Organisasjonen Reporters without Borders er bekymra for at mange politiske regime bruker fokuset på falske nyheiter til å avgrense ytringsfridomen. Både i USA og i fleire europeiske og afrikanske land finn vi eksempel på at politikarar skuldar tradisjonelle nyheitsmedium for å bringe falske nyheiter. Slik er dei med på å svekkje tilliten til media.

Kva er det som står på spel dersom falske nyheiter breier om seg?

  • Det kan så tvil om media sitt truverd, noko som kan svekkje demokratiet.
  • Det kan påverke resultatet ved val av politiske representantar.
  • Pressa har fungert som det Harald Stanghelle har kalla «samfunnets leirbål», noko vi alle samlast rundt. Falske nyheiter kan føre til ein meir fragmentert debatt som er styrt av algoritmar.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale