Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Oppgåver om falske nyheiterChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om falske nyheiter

Bilete med oppdikta replikkveksling mellom Rasmus Hansson og Lan Marie Berg. Faksimile.
Satire eller falsk nyheit? I denne meldinga på Facebook har Harald Henschien tillagt politikarane Rasmus Hansson og Lan Marie Berg frå partiet Dei Grøne følgjande utsegn: «Fiskebåter slipper ut mengder av CO2. Det er da mer enn nok fisk å få i supermarkedet.» Innlegget vart delt av over 3000 nordmenn.

Oppgåve 1: Satire eller falsk nyheit?

  1. Skjermdumpen viser eit oppslag som vart lagt ut på Facebook i mars 2017. I løpet av åtte timar vart det delt 3300 gonger på nettet. Mange tok det som ei faktisk nyheit. Ta utgangspunkt i den typifiseringa som Bente Kalsnes har laga av falske nyheiter. Kva type meiner du dette oppslaget tilhøyrer? Grunngi svaret. Del det du har komme fram til, med ein medelev og til slutt med heile klassen.
  2. NRKs etikkredaktør Per Arne Kalbakk seier i eit intervju med NRK følgjande om innlegget:
    – Jeg skal ikke påberope meg som fasiten, men jeg oppfattet innlegget som tull. Det er heller ikke en sak, men et bilde med tekst.
    Etikkredaktøren peikar på at det i posten blir skrive «NBT» og «IQ-partiet De Grønne», som han meiner peikar i retning av at oppslaget er reint oppspinn. Han viser så til NRK sin definisjon av falske nyheiter: «Falske nyheter er nyheter som bevisst er funnet på eller forvrengt med hensikt. En falsk nyhet vil ofte se ut som en vanlig nyhetssak, men det som står der har aldri skjedd.»
    – Ut ifra denne definisjonen er det ikke en falsk nyhet, men satire som har blitt misforstått. Det er ingen tvil om at mange misforsto den, og da er det som regel slik at satiren bør merkes tydeligere, sier Kalbakk.
    Er du einig eller ueinig med Kalbakk her? Kvifor? / Kvifor ikkje?

Oppgåve 2: Norske politikarar om falske nyheiter

Les og sjå kva norske politikarar meiner er falske nyheiter: Slik definerer norske politikere falske nyheter

  1. Korleis definerer talspersonane for dei norske politiske partia omgrepet falske nyheiter?
  2. Kva skilnader er det i korleis dei ulike politikarane definerer omgrepet?
  3. Korleis vil du forklare desse eventuelle skilnadene?
  4. Samanlikn politikarane sine definisjonar med NRK sin definisjon. Finn du nokon skilnad?
  5. Kva politikarar legg seg nærmast NRK sin definisjon?

Oppgåve 3: Der falske nyheiter skaper ekte stoltheit

Les denne artikkelen frå #virkelighetskrigen i NRK: Der falske nyheter skaper ekte stolthet

  1. Plukk ut 3 moment som du meiner er viktige i denne artikkelen.
  2. Plukk ut 2 moment som du synest var vanskelege å forstå.
  3. Plukk ut 1 moment som du ønskjer å lære meir om.
  4. Tenk over kvar og korleis du kan lære meir om dette.
  5. Del tankane dine med ein medelev.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale