Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Tankar om nyheitsformidling og kjeldekritikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tankar om nyheitsformidling og kjeldekritikk

person i profil med lang nese der ordet news er skrevet. Manipulert foto.
Det blir sagt at den som fortel ei løgn, får lang nase. Men fullt så lett er det ikkje å skilje verkelege nyheiter frå falske nyheiter.

Kva erfaringar har du med falske nyheiter?

Fase 1

Noter ned svar på desse spørsmåla:

  1. Korleis oppstår eigentleg «nyheiter»?
  2. Kva nyheitssaker har du fått med deg i det siste?
  3. Kvar får du informasjon frå?
  4. Kven kan kalle seg journalist?
  5. Er det mogleg å ha ei heilt objektiv nyheitsformidling?
  6. Prøver du å få meir informasjon om saker som interesserer deg?
  7. Korleis reagerer du når du les noko som verkar svært lite truverdig?

Del så svara dine med ein medelev, og snakk saman om det de har skrive.

Fase 2

Svar deretter på denne undersøkinga om falske nyheiter. Ho inneheld ti spørsmål om falske nyheiter og eitt spørsmål om kva sosiale medium du bruker. Spørsmåla er dei same som vart brukte i ei landsomfattande undersøking som Medietilsynet stod bak i mars 2017. Svara i undersøkinga du no deltek i, kan derfor seinare samanliknast med svara i Meditilsynet si undersøking.

Interaktiv undersøking om falske nyheiter

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale