Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Kva synest du om NRK si fyllefilming?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva synest du om NRK si fyllefilming?

I programmet Fylla viser NRK to tiendeklassingar på fest i lobbyen på eit hotell. Jentene blir filma, men forstår ikkje heilt kva som skjer. Ei stund seinare ser dei seg sjølve på TV. Programmet heiter Fylla. «Oh, shit! Tenk om mamma ser det!»

Jenter på fest i en bar. Foto.

Kva meiner du?

Nedanfor gir vi att to synspunkt på at NRK publiserte dette opptaket. Kven er du mest einig med, Marie eller Cathrine? Skriv kort om kven du held med, og kvifor du gjer det.

Marie

Eg meiner det var OK av NRK. Jentene er så klart ikkje offentlege personar, men saka er i offentlegheita si interesse likevel. Ungdom og rus er noko som vedkjem samfunnet, og derfor var det rett av NRK å vise også dette klippet, sjølv om jentene ikkje visste kva dei var med på.

Cathrine

Eg meiner det ikkje var OK av NRK. Ungdom og fyll er ei privatsak og definitivt ikkje av offentleg interesse. Det må dessutan vere opp til kvar einskild av oss å bestemme om vi skal bli filma eller ikkje.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale