Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Ytringsfridom og pressefridomChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ytringsfridom og pressefridom

Ein viktig føresetnad i eit demokratisk samfunn er at alle har lov til å ytre seg. Media har eit spesielt ansvar for å informere om det som skjer, og for å stille kritiske spørsmål til dei som har makt. Derfor er pressefridom også ein del av det å ha ytringsfridom.

Snømenn protesterer med plakater foran Stortinget. Foto.

Vi kan begynne med Grunnloven. I § 100 blir det slått fast at «ytringsfrihet bør finne sted». I Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som også gjeld i Noreg, heiter det dessutan at «enhver har rett til ytringsfrihet».

I dei fleste land finst det likevel grenser for ytringsfridomen, sjølv om desse grensene ikkje alltid er like lett å få auge på. I Noreg er det for eksempel ikkje lov å vise pornografiske filmar på kino. Ser vi på avgrensing i ytringsfridomen i autoritære nasjonalstatar, blir det likevel tydeleg at vi i Noreg verdset vide framfor avgrensa ytringsmoglegheiter.

Moglegheiter for kritikk

Men kva tyder ytringsfridom i praksis? Jo, det tyder at dersom du for eksempel er misnøgd med statsministeren og regjeringa, så skal du kunne seie dette høgt, skrive om det i aviser og på nettet, og gå i demonstrasjonstog, utan å risikere å bli sett i fengsel for det. I nokre land er det straffbart å kritisere styresmaktene på den måten.

Fakkeltog mot pels. Foto.

Ytringsfridom tyder også at du kan opprette ein blogg der du uttaler deg kritisk om skule, musikk, idrett, kollektivtransporten, lokalpolitikk eller andre ting du er oppteken av. Det kan du gjere så lenge du ikkje direkte hetsar enkeltpersonar eller grupper.

I tillegg tyder det at du kan snakke med andre om dei tinga du er oppteken av, utan frykt for at nokon skal straffe deg med bøter eller fengsel for å «meine dei feile tinga».

Dei fleste demokrati har høg grad av ytringsfridom, og vi reknar gjerne ytringsfridom som noko av sjølve grunnlaget for eit velfungerande demokrati. Utan ytringsfridom, ingen kritikk, og utan kritikk vil dei som har makt, ikkje kunne bli stoppa dersom dei misbruker makta si. Det gjeld både dei som har økonomisk makt, og dei som har ideologisk makt, for eksempel religiøse leiarar. Og det gjeld dei som har fått tillit gjennom val, anten det er statsministeren, regjerings- eller stortingsmedlemmer.

Pressefridom og samfunnsoppdraget

Ei viktig side ved ytringsfridomen er pressefridomen til journalistar og redaktørar.

Pressefridom er ein rett som er nær forbunden med ytringsfridom. Journalistikken har likevel ein heilt spesiell funksjon i samfunnet vårt, eit samfunnsoppdrag. Det er grunnen til at pressa blir kalla «den fjerde statsmakta».

Gjennom samfunnsoppdraget til journalistane får vi informasjon om kva som skjer, og dermed høve til å halde oss orienterte om det som skjer i samfunnet. Pressa er dessutan kritisk til makta og gir oss moglegheiter for debatt. Det gir derfor meining å snakke om pressefridom som ein spesiell rett.

Dobbel sikring

Pressefridomen sikrar ytringsfridomen fordi pressa arbeider systematisk med maktkritikk. Det er for eksempel mykje lettare å hindre kritiske spørsmål frå enkeltpersonar enn det er å hindre kritiske spørsmål frå journalistar. På same måten kan vi seie at pressa også sikrar ytringsfridomen ved å vere ein arena for debatt, sjølv om mykje debatt har flytta seg over i sosiale medium dei siste åra.

Ytringsfridomen sikrar pressefridomen fordi han gir pressa ein grunnlovsfesta rett til å drive med nettopp informasjon, kritikk og debatt.

Når vi veit at det finst fleire land i verda der journalistar blir fengsla og torturerte for å drive med kritisk journalistikk, forstår vi kanskje betre kor viktig ytringsfridomen er for journalistikken, og dessutan for samfunnet.

Sensur i autoritære statar

I statar med autoritære styresett, som for eksempel Russland, er ytringsfridomen avgrensa. Saka om Pussy Riot er eit eksempel på det.

Pussy Riot er eit russisk, feministisk punkrock-kollektiv som består av ei rekkje kvinner som opptrer under pseudonym, og som ofte opptrer med fargerike finlandshetter. YouTube-kanalen deira er Wearepussyriot.

Medlemmer av Pussy Riot under en rettshøring i Moskva. Foto.
Medlemmer av Pussy Riot under ei rettshøyring i Moskva.

I 2012 vart tre medlemmer, Maria Aljokhina, Jekaterina Samutsevitsj og Nadezjda Tolokonnikova, arresterte. Dei hadde framført ei regimekritisk låt i Frelsarkatedralen i Moskva, der dei bad jomfru Maria jage bort Vladimir Putin. Dei protesterte også mot at den russisk-ortodokse kyrkja støtta Putin i valkampen. Dei tre bandmedlemmene vart dømde til to års fengsel. No er dei lauslatne.

Også for journalistar og mediekanalar i Russland kan det få store konsekvensar dersom regimekritiske saker blir publiserte. Styresmaktene går inn og sensurerer innhald produsert av mediehus, og sjølvsensur er nødvendig for ikkje å komme på kant med styresmaktene.

Sensur tyder at offentlege styresmakter set grenser for kva det er lov til å publisere og spreie offentleg. I Noreg i dag er det lite sensur. Personvernlova er ei viktigare avgrensing av ytringsfridomen enn sensur.

Om «Sensur» i Store norske leksikon

Offentlig forhåndskontroll av trykksaker (bøker, aviser, tidsskrifter), av verker som er bestemt for oppførelse på scenen, av film, og, særlig i krigstid, av postforsendelser, telegrammer og sendinger i kringkastingen.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale