Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Maktens mennChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Spillefilm

Maktens menn

Maktens menn handlar om politisk kommunikasjon og maktkamp, og om forholdet mellom PR-bransjen og media i den amerikanske valkampen. Originaltittelen på filmen, The Ides of March, har klare referansar til William Shakespeare sitt tragiske skodespel Julius Cæsar.

Filmdetaljar

Tittel: Maktens menn

Original tittel: The Ides of March

År: 2011

Opphavsland: USA

Sjanger: Drama

Regi: George Clooney

Manus: George Clooney, Grant Heslov, Beau Willimon

Skodespelarar: George Clooney, Ryan Gosling, Marisa Tomei, Evan Rachel Wood, Philip Seymour Hoffman, Paul Giamatti, Max Minghella, Jeffrey Wright, og Yuriy Sardarov.

Om filmen

Maktens menn er ein amerikansk spelefilm frå 2011 som byggjer på skodespelet Farragut North (2008) av Beau Willimon. Willimon er saman med George Clooney ein av manusforfattarane til filmen.

George Clooney har ei rekkje roller i denne filmproduksjonen. I tillegg til å vere både manusforfattar og regissør tolkar han ei av dei sentrale rollene.

Handlinga

Hovudpersonen i filmen er den unge pressetalsmannen Stephen Meyers. Saman med kollegaene sine jobbar han på spreng for at guvernør Harris (George Clooney) skal vinne primærvalet i Ohio og dermed ha størst moglegheit til å bli kandidat for demokratane.

Tom Duffy jobbar som kampanjeleiar for Harris sin største utfordrar. Duffy nyttar skitne triks i eit forsøk på å setje kommunikasjonsavdelinga til guvernør Harris ut av spel, og det er pressetalsmann Meyers som får gjennomgå mest.

Marisa Tomei, ein journalist frå The New York Times, er ei viktig brikke i maktspelet som går føre seg i valkampen sine kulissar. Ein ung, kvinneleg turnuskandidat er også med. Ho utviklar litt for nære band til både Harris og Meyers.

Filmtittelen

Originaltittelen på filmen, The Ides of March, er sannsynlegvis inspirert av Shakespeare-replikken «Beware the Ides of March». Replikken vart sett fram av ein spåmann som ei åtvaring til Julius Cæsar i tragedien Julius Cæsar av Shakespeare. Idus er latin og tyder den midterste dagen i månaden. Cæsar vart drepen på idus martiae i år 44 f.Kr. Idus Martiae er altså det same som 15. mars.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale