Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ytringsfridom og demokrati

Tenk deg at statsministeren i Noreg underslår mange millionar av skattepengane våre og gøymer dei på ein hemmeleg konto i utlandet. Mange journalistar veit om dette, men har ikkje lov til å fortelje det vidare til innbyggjarane. Slik er det i land utan trykkjefridom.

Denne videoen om ytringsfridom er produsert av TV 2 for Kampanje for journalistikk 2014.

Oppgåve 1

Sjå videoen om ytringsfridom som TV 2 har produsert for Kampanje for journalistikk.

  1. Kva er sensur? Forklar omgrepet.
  2. Kva seier den norske grunnlova om ytringsfridom og trykkjefridom?
  3. Kven bestemmer kva media kan publisere i Noreg?
  4. Kvifor er ei fri presse viktig for demokratiet?
  5. Kvifor er mediemangfald viktig?

Oppgåve 2

  1. Under andre verdskrigen måtte nesten alle familiar i Noreg levere inn radioapparata sine. Les fagteksten Okkupasjon og motstand. Kvifor var det forbode for nordmenn å ha radio under andre verdskrigen?
  2. Tyrkiske styresmakter har dei siste åra forsøkt å sperre tilgangen til sosiale medium som Facebook, Twitter og YouTube. Kvifor gjer dei det? Søk på Internett etter svar på dette spørsmålet.
  3. Diskuter i klassen: Kva problem ville de få dersom dei som bestemte i Noreg, nekta alle tilgang til radio, TV, Internett og mobiltelefon?

Oppgåve 3

Retten til å ytre seg er avgrensa i straffeloven § 185. Den vernar einskildpersonar mot hatefulle ytringar.

  1. Kva grupper i befolkninga er verna i denne lovparagrafen?
  2. Kvifor trur du nettopp personar som tilhøyrer desse gruppene, har særskilt vern?
  3. Mange nettaviser har i det siste stengt kommentarfelta for anonyme kommentarar. Korleis grunngir dei det?

Oppgåve 4

  1. I 2015 forsøkte PST å beslagleggje noko av kjeldematerialet til filmskaparen Ulrik Imtiaz Rolfsen. Kva handla denne saka om, og korleis grunngav PST krava sine?
  2. Rolfsen vann over PST i Høgsterett. Sentralt i denne saka stod prinsippet om kjeldevern. Kvifor er kjeldevern viktig for ytringsfridommen?
  3. Diskuter i klassen: Kva andre forhold kan truge høva til å ytre seg fritt i Noreg i dag?

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale