Ytringsfridommen i Europa er under press. Ytterleggåande antidemokratiske grupperingar ønskjer å kneble meiningsmotstandarar. Som ein motreaksjon overvakar styresmaktene ytringar i sosiale medium. Kva skjer når prinsippet om ytringsfridom blir utfordra av samfunnet sitt behov for tryggleik?

Konfiskering av journalistisk materiale
Tidleg i juni 2015 dukka tre sivilkledde politimenn opp på døra hos filmskaparen Ulrik Imtiaz Rolfsen for å ransake heimen hans. Rolfsen arbeidde med ein dokumentar om islamisten Ubaydullah Hussain som er knytt til Profetens Ummah, og om Noreg sine evner til å takle situasjonen. Politiet var ute etter bevismateriale i samband med etterforskinga av ein atten år gammal nordmann som var sikta for å ha slutta seg til ein islamistisk terrororganisasjon. Derfor var informasjonen Rolfsen hadde samla, interessant.
Sjølv om Rolfsen ikkje var medlem av nokon journalistorganisasjon, var presseforbundet ved generalsekretær Kjersti Løken Stavrum raskt ute og reagerte på razziaen til PST. Saka hamna i domstolane og gikk heile vegen frå Tingretten via Lagmannsretten til Høgsterett. Mens Rolfsen tapte i Tingretten og Lagmannsretten, avgjorde Høgsterett at det var PST som braut lova då dei konfiskerte videomaterialet frå Rolfsen.
Til pressa sa Kjersti Løken Stavrum at dommen synte demokratiet si styrke i frykta og terroren si tid, og dommen vart prislønna av prestisjeuniversitetet Colombia i New York, som deler ut Colombia Global Freedom of Expression Prizes.
Kjeldevern er viktig for ytringsfridom
I nokre samanhengar er informasjon frå personar som ikkje ønskjer å bli namngitte, den einaste måten å få fram viktig informasjon på. Det er rett og slett for farleg å stå fram offentleg med det ein veit. I slike tilfelle seier Ver Varsam-plakaten at ein journalist skal verne kjeldene sine. Ei kjelde har krav på vern mot andre som kan tenkje seg å skade kjelda på ein eller annan måte. Det vil seie at den informasjonen ei kjelde gir til deg som journalist, i hovudsak ikkje skal utleverast til andre. Journalisten har i tillegg eit spesielt ansvar overfor kjelder som kanskje ikkje er klar over verknaden av det dei seier.
Nokre ytringar er ulovlege
Historia om filmskaparen Ulrik Imtiaz Rolfsen fortel oss at ytringsfridommen slett ikkje er ein fridom som står skriven i stein, eller som gir oss rett til å ytre oss om alt. Det finst område som også Grunnloven § 100 set grenser for, og i lova sjølv kan vi lese at «særlig tungtveiende hensyn» kan tale for at noko blir heldt løynd. Dette kan vere saker som handlar om rikstrygglei, og i Rolfsen sitt tilfelle var det nettopp mistanke om at filmskaparen sat på informasjon om at eit alvorleg brottsverk var i ferd med å finne stad, som gjorde at PST meinte at dei hadde rett til å beslagleggje den informasjonen som Rolfsen hadde samla. Nettopp planlegging av terrorverksemd har vore eit heitt tema: Kvar går grensa for å tenkje på å gjere noko ulovleg, utveksle idéar med andre om dei og det å faktisk gjennomføre dei?
Læringsressursar
Mediemakt og ytringsfridom
Læringssti
Ytringsfridom og demokrati
KjernestoffGrenser for presse- og ytringsfridomen
KjernestoffMedia som den fjerde statsmakta
KjernestoffMediemakt
KjernestoffFalske nyheiter
Kjernestoff
Fagstoff
Ytringsfridom og pressefridom
KjernestoffYtringsfridom – ein menneskerett
Kjernestoff- Kjernestoff
Ytringsfridom i terroren si tidDu er her
Trugsmål mot prinsippet om ytringsfridom
KjernestoffOffentlege personar og allmenta si interesse
KjernestoffPersonvern og offentlege personar
KjernestoffKva er makt?
KjernestoffMaktfordelingsprinsippet
KjernestoffMedia som den fjerde statsmakta
KjernestoffMedia som aktør og arena
KjernestoffJournalistikken si framstillingsmakt
KjernestoffMedia som maktaktørar
KjernestoffKjeldemakt
KjernestoffInternett endrar mediebiletet
KjernestoffFalske nyheiter – ei gammal sanning
KjernestoffKva er falske nyheiter?
KjernestoffKonsekvensar av falske nyheiter
KjernestoffKorleis kan du motarbeide falske nyheiter?
KjernestoffMedia har definisjonsmakt
KjernestoffNår aksjonsmakt blir mediemakt
KjernestoffSosiale medium – den femte statsmakta?
KjernestoffValkamp i sosiale medium
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Ytringsfridom og demokrati
KjernestoffYtringar i det offentlege rommet
KjernestoffKvar går grensene for ytringsfridomen?
KjernestoffKva er ytrings- og pressefridom?
KjernestoffKva kan du om ytringsfridom og presseetikk?
KjernestoffKva synest du om NRK si fyllefilming?
KjernestoffKjendisslagsmålet
KjernestoffDiskuter statsrådar sin bruk av Facebook
KjernestoffKva kan du no om maktfordeling?
KjernestoffKven har makt over kva?
KjernestoffOppgåver om mediemakt
KjernestoffKva tankar gjer du deg om omgrepet makt?
KjernestoffKven har mediemakt i dag?
KjernestoffKrig, kaos og katastrofar
KjernestoffTankar om nyheitsformidling og kjeldekritikk
KjernestoffOppgåver om falske nyheiter
KjernestoffKva meiner folk om falske nyheiter?
KjernestoffVurder kommentarar om falske nyheiter
KjernestoffJobb med falske nyheiter
KjernestoffKraftmaster eller monstermaster?
KjernestoffYtringsfridom i dag
KjernestoffBør ein sensurere nett-trolla?
KjernestoffGrenser for ytringsfridom
Kjernestoff
Vurderingsressurs
Kva kan du om ytringsfridom og presseetikk?
Kjernestoff
Kildemateriale
Maktens menn
Kjernestoff