Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Ytringar i det offentlege rommetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ytringar i det offentlege rommet

I Noreg har vi ytringsfridom. Det er nedfelt i Grunnlova § 100. Alle menneske som bur i dette landet har rett til å seie kva dei meiner utan å bli trakasserte eller fengsla. Det er avgjerande for at eit demokrati skal fungere.

Bildet er en ordsky

Oppgåve 1

Retten til å ytre seg er avgrensa i straffelova § 185. Ho vernar enkeltpersonar mot hatefulle ytringar.

  1. Kva for grupper i folket er verna i denne lovparagrafen?
  2. Kvifor trur du personar som tilhøyrar nett desse gruppene, har særleg vern?
  3. Mange nettaviser har i det siste stengt kommentarfelta for anonyme kommentarar. Korleis grunngir dei det?

Oppgåve 2

I Noreg er det vanlig at bestemte interessegrupper aksjonerer for å fremje synspunkta sine. Dei kan halde appellar på offentlege stader, gå i demonstrasjonstog, eller lenke seg fast til anleggsmaskiner.

  1. Kven er Odins soldatar?
  2. Kva for aksjonsform er det gruppa Odins soldatar har valt?
  3. Les mediekommentaren til Sven Egil Omdal, «Odins nyttige idiotar». Kvifor meiner Omdal at journalistane opptrer som «nyttige idiotar» når dei dekkjer aksjonane til Odins soldatar?

Oppgåve 3

Diskuter i klassen:

  • Er aksjonsforma til Odins soldatar eit innlegg i samfunnsdebatten, eller kan ein sjå henne som ei handling som kan bli ramma av straffelova § 185?
  • Korleis bør norske medium te seg i høve til denne typen ytringar?

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale