Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Ytringsfridom i dagChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ytringsfridom i dag

I Noreg har ytringsfridom vore lovfesta i meir enn 200 år. Men korleis står det eigentleg til med ytringsfridomen i vårt land og i resten av verda i dag?

Ytringsfridom. Produsert av TV 2 for Kampanje for journalistikk 2014.

Oppgåve 1

Sjå videoen om ytringsfridom som TV 2 har produsert for Kampanje for journalistikk.

  1. Kva er sensur? Forklar omgrepet.
  2. Kva seier den norske grunnlova om ytringsfridom og trykkefridom?
  3. Kven avgjer kva media kan publisere i Noreg?
  4. Kvifor er ei fri presse viktig for demokratiet?
  5. Kvifor er mediemangfald viktig?

Oppgåve 2

Under andre verdskrigen måtte nesten alle familiar i Noreg levere inn radioapparata sine. Les fagteksten Okkupasjon og motstand

  1. Kvifor var det forbode for nordmenn å ha radio?
  2. Diskuter i klassen: Kva for problem ville de få dersom dei som bestemte i Noreg, nekta alle tilgang til radio, TV, Internett og mobiltelefon?

Oppgåve 3

I nokre land er sosiale medium som Facebook, YouTube og Twitter sperra for publisering. Finn ut kva land dette gjeld, og kvifor det er slik.

Oppgåve 4

Les Sven Egil Omdal sin kommentar Raseriet over den tomme stolen.

  1. Kven var Liu Xiaobo, og kvifor satt han i fengsel?
  2. Korleis gjekk det med Liu Xiaobo?
  3. Kvifor undrar Omdal på korleis norske politikarar ville ha teke imot han dersom han kom til Noreg i dag?
  4. I Grunnlova står det at det skal være ytringsfridom i Noreg. Omdal nemner eksempel på at ytringsfridomen likevel har blitt avgrensa i ulike historiske periodar. Kva for eksempel trekk han fram?

Oppgåve 5

Filmen Tvunget til taushet f\er ein film om krigsbrotsverk, ytringsfridom og om menneske som er villige til å risikere livet for å få fram sanninga. Filmen følgjer tre srilankiske journalistar som har avdekt krigsbrotsverk gjorde av regjeringsstyrkane i krigen mot dei tamilske tigrane. Journalistane har måtta flykte frå heimlandet og lever no i skjul. Filmen viser også heilt ukjende og brutale sider ved den såkalla oppryddinga av regjeringsstyrkane på Sri Lanka, der særleg den tamilske befolkninga har lidd store tap.

  • Sjå filmen.
  • Skriv ein avisartikkel om kvifor undersøkjande og uavhengig journalistikk er viktig i dag.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale