Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Mediemakt og ytringsfridom

Media er viktige aktørar i eit demokrati. Dei set dagsordenen og overvakar dei som har makt i samfunnet. Media spreier informasjon og er ein viktig arena for meiningsutveksling.

Gutt med lommelykt som lyser på forskjellige aviser. Illustrasjon.

Media har mange viktige politiske funksjonar i demokratiet vårt. Dei viktigaste er:

  • Dei formar oppfatninga vår av verkelegheita
  • Dei gir rom for frie ytringar og debatt
  • Dei set den politiske dagsordenen
    Ved å styre merksemda vår mot visse saker tvingar dei oss til å meine noko om sakene, og dei tvingar politikarane til å ta opp desse sakene.
  • Media – den fjerde statsmakta
    Media overvakar dei som har makt i samfunnet, og dei som styrer oss. Dei blir ofte kalla for "den fjerde statsmakta".
  • Dei gir oss tilgang til store mengder informasjon
    Men ikkje alle i samfunnet utnyttar denne moglegheita. På den måten kan det oppstå informasjonskløfter mellom dei som tileignar seg informasjon, og dei som ikkje gjer det. Informasjonskløftene gjer at innbyggjarane i eit samfunn har ulikt grunnlag for å delta i demokratiske prosessar. Derfor er informasjonskløftene ikkje berre eit problem for den einskilde, men også for heile samfunnet.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale