Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. Kvalitetskriterium og vurderingChevronRight
  5. Vurder Real Life AutoChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Vurder Real Life Auto

Real Life Auto er eit e-læringskurs om trafikktryggleik retta mot ungdom i alderen 15-20 år. Målsettinga er å gi ungdom kunnskap om tryggleik i trafikken og klargjere eigne haldningar i trafikken.

Oppstartsbiletet i trafikkspelet Real Life Auto. Skjermdump.

Om Real Life Auto

I følgje Trygg Trafikk fungerer kurset best når ein rettleiar (til dømes ein lærar) ber ei gruppe om å gjennomføre kurset, og at attesten som blir generert når kurset er slutt blir sendt til ei e-postadresse som stadfesting på at kurset er fullført. Deretter er det naturleg at gruppa deler tankar om innhaldet i kurset, og snakkar om eigne erfaringar og haldningar til åtferd i trafikken.

Ta kurset Real Life Auto

Oppgåve

  1. Korleis er e-læringskurset bygd opp?
  2. Kva er "gamification"? I kva grad bygger dette kurset på slike prinsipp?
  3. Beskriv og vurder ulike verkemiddel som er brukte i dette kurset. Stikkord: grafikk, fargeval, lydeffektar, video, tekst, premiering.
  4. Lærer du å bli ein god sjåfør ved å gjennomføre dette kurset?
  5. I kva grad trur du dette kurset vil endre haldningane til trafikksikkerheit hjå dei som høyrer til målgruppa? Grunngje svaret ut frå det du veit om effekten av haldningsskapande arbeid.

Læringsressursar

Kvalitetskriterium og vurdering