Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. Kvalitetskriterium og vurderingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Vurder ein haldningskampanje

Du bestemmer er ein haldningsskapande nettstad laga i samarbeid mellom Teknologirådet, Datatilsynet og Senter for IKT i utdanninga. Du skal no vurdere denne nettstaden.

Jente sitter på rom. Foto.

Målet er å auke kunnskapen om personvern blant unge og gjere dei meir medvitne om dei vala dei gjer når dei bruker digitale medium som Internett og mobiltelefon.

Oppdrag

  1. Studer innhaldet på nettstaden Du bestemmer. Vel ut tre innhaldskomponentar som du set deg grundig inn i.
  2. Skriv ei melding der du vurderer nettstaden.
    • Er nettstaden innbydande, spanande og enkel å navigere i?
    • Kommuniserer han med målgruppa? Kvifor? / Kvifor ikkje?
    • Kommenter spesielt kvaliteten på dei tre innhaldskomponentane du har sett nøyare på.
    • Til slutt vurderer du effekten av denne typen haldningsskapande nettstader.

Læringsressursar

Kvalitetskriterium og vurdering