Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. Kvalitetskriterium og vurderingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slik lagar du ei TV-melding

Når du skal lage ei melding om eit TV-program, er det viktig å ta utgangspunkt i målgruppe og kanalprofil. Aktualitetssendinger vert sjeldnare vurderte i avismeldingar enn underhaldningsprogrammer.

Stig Henrik Hoff og hans dansepartner på dansegulvet i TV 2-programmet Skal vi danse
Stig Henrik Hoff og dansepartnaren hans i TV 2-programmet Skal vi danse

Målgruppe og kanalprofil

Dei fleste norske fjernsynssjåarane har i dag tilgang til mange ulike TV-kanalar. Difor er det viktig for TV-selskapa å reindyrke kanalprofilen og vere tydeleg på kven målgruppa er. TV-kanalen NRK Super vender seg til barn mellom to og tolv år. Det styrer både innhaldet og måten kanalen kommuniserer med sjåarane sine på.

Programsjangrar og programkonsept

Programmet Skal vi danse på TV 2 er eksempel på eit populært programkonsept der kjende personar konkurrer mot kvarandre. Programma Mesternes mester og Popstokk på NRK høyrer til den same sjangeren. Ein annan vri på konkurransekonseptet er reality-seriar som Farmen der ukjende personar konkurrer mot kvarandre. Programkonsepta er som oftast kjøpte frå utanlandske TV-selskap og tilpassa norske tilhøve.

Talk-show er ein annan populær TV-sjanger. Program som Senkveld og Skavland tilhøyrer denne sjangeren. Programma er bygde opp rundt ein eller fleire profilerte programleiarar som inviterer gjester i studio. Talk-showa tek opp aktuelle tema, men vanlegvis er innslaga tekne opp dagen før og redigerte før dei går på lufta.

TV-seriar og såpeoperaer engasjerer mange sjåarar. Til denne kategorien høyrer seriar som Frustrerte fruer og Heroes. Langt dei fleste TV-seriane er produserte i USA, og er prega av det. Nyheitssendingar, TV-debattar og dokumentarfilmar vert sjeldnare vurderte i avismeldingar enn dei TV-sjangrane som berre har som føremål å underhalde sjåarane.

Læringsressursar

Kvalitetskriterium og vurdering