Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. Kvalitetskriterium og vurderingChevronRight
  5. Skriv ei melding av eit dataspelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skriv ei melding av eit dataspel

I eit dataspel er spelaren den viktigaste aktøren. Ei melding av eit dataspel bør leggje vekt på funksjonalitet og spelaroppleving.

Korleis skrive meldingar av dataspel?

Ei melding av eit spel kan byggjast opp etter ein felles mal. Dei mest avanserte spela liknar ganske mykje på ei filmforteljing, men den store forskjellen er at i spelet er du sjølv aktør. Det er du som speler hovudrolla og i stor grad kan vere med på å utforme handlinga.

Skodespelarane sine prestasjonar er ikkje så viktige i eit dataspel, men du bør analysere kva for eigenskapar og moglegheiter rollefigurane har. I staden for å vurdere fotografering og klipping bør du vurdere grafikk og animasjonar. Du bør også beskrive korleis spelet fungerer.

Du bør analysere dei ulike spelelementa før du vurderer om dei fungerer godt eller dårleg. Sjølv om du gir uttrykk for eigne meiningar, bør vurderinga vere fagleg grunngidd. Hugs at dette er di subjektive meining om produktet, og at andre kan ha andre meiningar. Det bør du også ha i bakhovudet når du skal vurdere kven spelet passar for.

Tips!

Eit godt tips når du skal lage ei melding av eit spel er å lese tekstar som andre meldarar har skrive.

Nettsida Spillkritikk.no har samla meldingar av dataspel frå norske aviser og nettstader.

Læringsressursar

Kvalitetskriterium og vurdering