Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. Kvalitetskriterium og vurderingChevronRight
  5. Korleis lage ei melding om eit medieprodukt ?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis lage ei melding om eit medieprodukt ?

Ei mediemelding er ein tekst som gir ei kritisk, heilskapleg vurdering av eit medieprodukt.

Mikal Olsen Lerøen om kva som kjenneteiknar ei god filmmelding

Kva er ei melding?

Ei melding er ein tekst som omtalar og vurderer eit produkt. Meldinga er ei kritisk og heilskapleg vurdering, gjerne i personleg form. Som journalistisk tekst skal meldinga både informere om produktet og engasjere lesaren kjenslemessig.

I ei god melding bør vurderingar og meiningar om produktet vere fagleg grunngidde. Det er viktig at du hugsar på at lesaren av meldinga ikkje kjenner deg og derfor ikkje automatisk tek meiningane dine for god fisk. Da er det viktig at du grunngir meiningane dine ut frå ein fagleg ståstad.

For å kunne melde eit medieprodukt må du vere i stand til å gjennomføre ein analyse. Det vil seie at du må kunne identifisere dei ulike elementa som gjer at medieproduktet har blitt til det det er.

Kva bør ei filmmelding innehalde?

La oss seie at du skal melde ein film. Det første du må hugse på, er at den som les meldinga, ikkje har sett filmen. Da startar du med opplysningar om originaltittelen på filmen, kven som er regissør, kva for skodespelarar som er med, kven som har skrive musikken og så vidare. Deretter følgjer ei kort oppsummering av handlinga i filmen, kva miljø filmen er spelt inn i, og kva sjanger han høyrer til i. Korleis er filmen bygd opp dramaturgisk? Kan du for eksempel identifisere nokre kjende dramaturgiske modellar? Byggjer filmen på ei bok eller ei autentisk hending?

Så tek du til med dine eigne vurderingar. Da skriv du berre om delar som er sentrale i filmen, og som er viktige for lesaren:

  • Kva er hovudbodskapen i filmen?
  • Er forteljarmåten kronologisk, eller hoppar han i tid?
  • Er det brukt symbol i filmen? Kva tyding har dei?
  • Kva for menneskelege forhold blir tekne opp?
  • Kva er hovudkarakterens funksjon i forteljinga?
  • Kva funksjon/tyding kan dei ulike miljøa i filmen ha?
  • Kva for tone/uttrykk har filmen (f.eks. romantisk, realistisk)?
  • Korleis fungerer fotografering, klipping og musikk?
  • Korleis vurderer du skodespelarane sine prestasjonar?

Det er du som meldar som vel ut kva av desse punkta du synest er viktige å setje lys på i meldinga di. Til slutt kjem den endelege vurderinga av filmen. Det er viktig at du så langt som mogleg viser at vurderinga har eit fagleg grunnlag!

Les meir: Norsk filminstitutt om filmmeldingar

Læringsressursar

Kvalitetskriterium og vurdering