Hopp til innhald

TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Vurder ndla.no

Nettstadar har ulikt føremål. Føremålet med ndla.no er å skape god læring for elevar i vidaregåande opplæring. Gå inn på nettstaden ndla.no. Vurder innhald og brukaroppleving.

Ung kvinne med laptop. Foto.

Nokre stikkord:

  • Kven er avsendar?
  • Korleis kan du finne ut kven avsendaren faktisk er?
  • Kva formål har denne nettsida?
  • Kven er primært mottakar/mottakarar?
  • Er nettstaden godt tilpassa mottakargruppa? Kvifor? / Kvifor ikkje?
  • Kva for kanal blir bodskapen formidla gjennom?
  • Stiller denne kanalen bestemte krav til måten bodskapen blir formulert på?
  • I kor stor grad synest du NDLA har klart å ta i bruk mogligheitene som finst i digitalt læremiddel?
  • Kva for konnotasjonar skaper biletet og dei fargane som er brukte?
  • Er det noko du opplever som støy? Grunngi svaret.
  • Kva for effekt trur du denne nettsida har?

Del gjerne vurderinga di med NDLA ved hjelp av løysingar for brukarkontakt på nettstaden.

Læringsressursar

Kvalitetskriterium og vurdering