Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. Kvalitetskriterium og vurderingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Filmmelding

sfs
Scene frå filmen

Rettleiing for publikum

Filmmeldingar skal gi interesserte lesarar råd om kva for filmar dei bør sjå. Derfor bør meldaren få fram og kommentere det som gjer ein film bra eller dårleg. Han må velje ut det han synest er mest typisk for nettopp denne filmen, og vise kva som eventuelt skil han frå andre filmar i same sjanger.

Subjektiv, men godt underbygd

Dersom du les ulike meldingar av ein og same film, vil du sjå at meldarane ofte vurderer filmen noko ulikt, og at dei fester seg ved ulike sider ved han. Det er slik det skal vere, for vi vurderer og tolkar filmar ut frå personlege kunnskapar og erfaringar. Vi har òg heilt enkelt ulik smak. Derfor må ein filmmeldar klargjere for lesarane kva han byggjer vurderinga si på.

Kriterium

Kva for kriterium eller "kontroll-punkt" bør ein meldar bruke for å vurdere kvaliteten på ein film? Meldaren bør seie noko om kor nyskapande filmen er innanfor sjangeren sin. Han bør òg sjå filmen i forhold til tidlegare verk av same regissør. I tillegg må lesarane få vite kva som er iaugefallande ved dramaturgi, skodespelarprestasjonar og bruk av filmatiske virkemiddel.

Det er viktig å vurdere ein film i forhold til sjanger og målgruppe. At ein meldar ikkje liker skrekkfilmar, rettferdiggjer ikkje at vedkommande "slaktar" alle filmane i denne sjangeren. Da er det betre å overlate vurderinga av denne typen film til nokon andre.

Faguttrykk eller kvardagsspråk?

Form og språk i meldinga må vere tilpassa målgruppa. Viss ein skriv for eit breitt publikum, bør ein vere forsiktig med fagspråk. Språket kan også til ein viss grad tilpassast innhaldet i filmen. Dessutan er mediet viktig: Vi har andre forventningar til ei melding av

Filmpolitiet

i NRK P3 enn til ein tekst i same sjanger i Aftenposten.

Velformulert og underhaldande

Ei melding er ein journalistisk tekst. Ho skal bidra til å selje ei avis, eit radioprogram eller ein nettstad. Derfor skal ho ikkje berre informere: Teksten må fange interessa til lesaren og halde på ho. Eit godt språk og ei personleg stemme er derfor absolutt eit pluss!

Læringsressursar

Kvalitetskriterium og vurdering